Økonomi
Annus horribilis
2022 vert eit frykteleg år for euroen. Vi har vore her før.
Mario Draghi, tidlegare direktør for ESB: Her er mannen som tilsynelatande berga eurosona i 2012, då han sa at han ville gjera det som gjerast kunne for å halda euroområdet saman.
Foto: Abir Sultan / Pool via Reuters / NTB
Det finst vel etter kvart ikkje ein einaste fagøkonom som meiner at euroen var ein god idé. Spørsmålet er kor dårleg ideen var. På mange vis illusterer dette kor vonlaust dei heile vart, men lat oss taka utgangspunkt i avkasting på bankinvesteringar.
Norske sparebankar sel noko som vert kalla «eigenkapitalbevis», som før vart kalla grunnfondsbevis. I praksis er det innhenting av kapital. Har du eigenkapitalbevis, får du utbyte eller renter av det årlege overskotet. I praksis liknar eigenkapitalbevis på aksjar, og dei vert i alle høve skattlagde som aksjar. Eigenkapitalbevis vert rekna som trauste saker og har gjennom generasjonar vore ei vanleg spareform i dei fleste norske bygder og småbyar.
Lat oss seia at du i byrjinga av år 2000 hadde litt pengar du ville setja av til sparing. Du hadde valet mellom å investera i bankar i den nye eurosona – som skulle skapa ein heilt integrert og dynamisk kapitalmarknad utan denne brysame omvekslinga av valuta og alle gebyra som følgde med – eller du kunne investera i keisame norske eigenkapitalbevis, slik bestefaren din alltid gjorde.
2200 prosent
Lat oss seia at du 1. januar 2000 investerte i ein brei euroindeks der alle børsnoterte bankaksjar i eurosona var med. Kva avkasting hadde du hatt den 1. juni i år om du la saman utbyte og verdistiging på aksjane i norske kroner? Du hadde hatt ei negativ avkasting før inflasjon på 10,21 prosent. Den årlege gjennomsnittlege avkasting hadde vore på minus 0,46 prosent. Du hadde tapt mindre om du hadde late kronene kvila under madrassen.
Kva om du hadde investert i dei 17 sparebankane som har notert eigenkapitalbevis på Oslo Børs? Då hadde du før inflasjon hatt ei avkasting – og her er det berre å halda seg fast – på 2257,56 prosent. Den gjennomsnittlege årlege avkastinga hadde vore på 14,45 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.