Kommentar
Ansvar for dei sjukaste
Tanken på at ein skal kunna avgrensa talet på alvorleg psykisk sjuke til 3000 i eit land med fem millionar, er naiv og skremmande.
Kvar gong det skjer ei alvorleg valdshending, kjem spørsmålet opp: Var det brotsverk eller sjukdom? I rettsapparatet spør dei seg om det same: Kan gjerningsmannen – dei er som oftast menn – dømast, eller er han sjuk og høyrer til i helsevesenet? I forlenginga av denne problematikken ligg spørsmålet om helsevesenet er budde på å ta imot menneske som er farlege for andre.
Denne problematikken er synleg også i valdshendingane i Oslo og København, sjølv om det ofte er svært vanskeleg å vita kva som er sjukdom, ideologi, raseri eller fordommar. Svaret på det krev grundige undersøkingar, som vi må venta på.
Redusert kapasitet
Det er ikkje lenge sidan spørsmålet om kapasiteten i psykisk helsevern var eit tema. Etter dei tragiske drapa i Kongsberg presenterte Dag og Tid (22. oktober 2021) ein gjennomgang av tilbodet til alvorleg psykisk sjuke. Og tala er tydelege nok: I 1973 var det 13.763 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet 3284. Med så mange døme på at alvorleg sjuke menneske må leva utan eit heildøgnstilbod, skulle ein tru at helsestyresmaktene straks gjekk i gang med å skaffa nye sengeplassar. Men dei gjer ikkje det. Det er viktig å drøfta grunnane til dette.
Det handlar ikkje om at ein ikkje vil satsa på psykiatri. Det var vore satsa mykje på psykiatri i seinare år. Men denne satsinga har ikkje ført til fleire sengeplassar. Ein har sett pengane inn andre stader.
Ein viktig bakgrunn for dette er at ein gjekk bort frå store sentralinstitusjonar både for psykisk sjuke og for psykisk utviklingshemma. Det var det gode grunnar til. Det var mange problem med dei store institusjonane. Dei hadde avgrensa økonomiske ressursar og vart ikkje heilt med urette skulda for å driva med oppbevaring heller enn helsehjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.