Arbeid

Står midt i krisa

Peggy Hessen Følsvik vart brått LOs øvste leiar. Dag og Tid stiller henne spørsmål om stortingsvalet, oljeverksemda og om Noreg bør sjå på alternativ til EØS-avtalen.

Konstituert LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er klar for valkamp for Arbeidarpartiet og eit raudgrønt regjeringsalternativ.
Konstituert LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er klar for valkamp for Arbeidarpartiet og eit raudgrønt regjeringsalternativ.

Vi sit ved eit ovalt bord i eit av dei store møteromma i Folkets Hus. Sola varmar godt på Youngstorget rett utanfor, der benkane ikkje lenger står side om side, men fleire meter frå kvarandre, så også byfolk kan slikke litt vårsol utan å risikere helsa.

Hadde 2021 vore eit normalt år, skulle konstituert LO-leiar Peggy Hessen Følsvik ha halde 1. mai-tale på Youngstorget om ei dryg veke. LO-kongressen ville om kort tid ha vedteke kampsaker for dei neste fire åra i Folkets Hus. I staden er kongressen utsett til neste år. Først då vil nye kompromiss spikrast og ei ny leiing verte vald.

Hadde 2021 vore eit normalt år, ville ikkje Navs statistikk for arbeidsledige i fjor og i år sjå ut som eit norsk fjell. Det totale talet på arbeidssøkjarar voks i mars i fjor frå litt over 100.000 til over 400.000 personar. Utover hausten 2020 stabiliserte talet seg på kring 200.000, og tala for mars i år viser at til saman 211.700 personar var registrerte som arbeidssøkjarar hos Nav. Det tilsvarer 7,5 prosent av arbeidsstyrken.

Følsvik har eit klart mål for tida som kjem.

– Det viktigaste er å få folk tilbake i jobb. Vi skal ikkje berre gjenopne landet – vi skal gjenreise det. Det skal skapast nye, seriøse jobbar. Vi må vere trygge på at vi ikkje får eit arbeidsliv i den andre enden av krisa med deltids- og lågtlønsjobbar, seier ho.

Uventa leiarverv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement