Arbeidarlekkasjen
Klarer Noreg seg utan arbeidsinnvandringa? No er det nemleg like mange polakkar som reiser attende, som dei som kjem til Noreg.
Kva gjer norske byggjeplassar når polakkane reiser?
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Ein regnblaut morgon i 2012 vaknar eg av eit plask og nokon som ropar i stova over meg. Eg spring opp for å sjå, og vert møtt av ei stor raud bøtte midt på stovebordet. Mor mi spring og tørkar opp vatn så fort ho kan. Delar av generasjonsbustaden vi bur i, er over hundre år gammal og må ha nytt tak. No tek det inn vatn.
– Flytt deg, ropar mor mi og spring forbi meg for å tømme bøtta.
Vi har heldigvis byggjearbeidarar på plass. Huset er nesten heilt ramma inn av stillas, arbeidarane står i fleire høgder og skiftar ut bordkledningen. Det vert kommunisert på ei febrilsk blanding av norsk, engelsk og handrørsler medan vatnet dryp.
Men, tenkjer eg, medan eg står i Oslo i 2019 og ser på ei gravemaskin rett over vegen for husværet mitt. Hadde vi oppdaga vasskaden i år i staden, ville det kanskje gått endå verre. For no reiser færre polske arbeidarar til Noreg. Faktisk er det like mange som reiser til Polen att, melde Fafo i ei undersøking førre veke. Og LO uttrykte uro for at arbeidsinnvandringa har gjort nordmenn for late, på årets Fafo-konferanse. Bygg- og anleggsnæringa i Noreg manglar 14.300 arbeidarar, melder Nav.
Då eg voks opp, i ei lita bygd med under 500 innbyggjarar, tulla ein med at det snart budde fleire arbeidsinnvandrarar enn innfødde i bygda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.