Helse

Argument for førebygging

At fleire er blitt smitta med covid-19 på sjukehus, viser kor viktig det er å styrke smittevernet, seier seksjonsleiar Hanne-Merete Eriksen-Volle ved FHI.

Publisert Sist oppdatert

Tala denne saka byggjer på, er som nemnt rådata frå Folkehelseinstituttet. Dag og Tid bad Hanne-Merete Eriksen-Volle, seksjonsleiar for resistens- og infeksjonsforebygging ved FHI, om bistand til å tolke talmaterialet.

– Det er per no vanskeleg å kome med ei tolking utover det at data viser at fleire pasientar vart smitta med covid-19 mens dei var innlagde på sjukehus. At fleire er blitt smitta med covid-19 på sjukehus, viser kor viktig det er å fortsette å styrke smittevernet og førebygge infeksjonar, da HAI medfører en ekstra belastning for den enkelte pasienten og i verste fall kan medføre dødsfall, skriv Eriksen-Volle i eit e-postsvar.

– Er det mogleg å seie noko som helst om kor mange av desse pasientane som døydde av covid-19, ikkje berre med covid-19?

– Vi har i desse analysane ikkje skilt mellom dei som døydde av covid-19 og ikkje «berre» med covid-19.

– Studiar frå andre land tyder på ein dødsrisiko på 10–15 prosent ved HAI-covid-19. Kan det vere eit realistisk anslag også for Noregs del?

– Om pasientpopulasjonen i sjukehus der 10–15 prosent av dei med HAI-covid-19 døydde, er tilsvarande den i norske sjukehus med omsyn til alder og alvorleg sjukdom, så kan anslaget vere realistisk også for Norge. Men våre grove data viser ein lågare andel dødsfall blant dei med ein sikker HAI-covid-19 enn sjukehuspasientar med ein samfunnservervet covid-19. Vi jobbar videre med dataanalysar for å forstå dette betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement