Arild Pedersen (1946–2022)
Arild Pedersen var fast Dag og Tid-skribent i elleve år.
Foto: Privat
Ein dag i 2011 kom Arild Pedersen og sa han hadde sagt opp Dag og Tid-abonnementet. Kvifor det? «De les ikkje meg, då les ikkje eg Dag og Tid.»
Det synte seg at han hadde sendt den siste boka si til redaksjonen i von om ei bokmelding. Den kom aldri.
Boka hans låg i ein av dei mange stablane av bøker som kjem til redaksjonen: Niels Normanns oversjøiske reise. 27 merkelige forelesninger om pragmatisme. Ei rask lesing etterlét ingen tvil om dette var ein som kunne skriva poengtert, polemisk og morosamt.
Redaktøren ringde han med det same: Om du ikkje vil lesa Dag og Tid, så kan du vel skriva i Dag og Tid? Det var han samd i. Såleis kom han til å verta fast skribent i Dag og Tid i over ti år. Fyrst og fremst bokmeldingar, men òg kunstmeldingar, reportasjar og frie tekstar. 205 artiklar i alt.
Og han polemiserte og provoserte: Han ville døypa om «Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst» til «Astrup Fearnley Raritetskammer».
I meldinga av samtaleboka til Støre og Bals i 2014 var han usikker på om Støre, som Gerhardsen, kunne dolka medarbeidarar i ryggen når det var naudsynt. «Kan det gode mennesket frå Oslo vest klara det? Og om han slik er for god til å vera sann, kven kan då til sist tru på han? Han burde skaffa seg ei fartsbot.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.