Kommentar

Arven etter Georg Johannesen

Det er ein slags historisk ironi i at portrettet av denne mest rabiate Nato-motstandaren kjem ut i ei tid der dei skandinaviske nabolanda melder seg inn i alliansen.

Georg Johannesen fotografert eit år etter at han var med på å skipa Sosialistisk Folkeparti.
Georg Johannesen fotografert eit år etter at han var med på å skipa Sosialistisk Folkeparti.
Publisert

Boka om Georg Johannesen haustar ros. Alfred Fidjestøl får skryt for å halda fast på det tvitydige og paradoksale ved mannen – ein rar kombinasjon av lynskarp samfunnskritikk, øm medliding og råskap i maktkamp og polemikk. Kva ein elles måtte meina om mannen, så blir det aldri keisamt å lesa av han og om han. Lyrikken freistar å halda fast ved dei menneskelege omkostnadane ved den moderne krigen og peikar på det suicidale ved modernitetens fråtsekultur: «Det er ikke lett å kysse/ når hodet ligger på et annet bord/ med en tomat i munnen».

Men korleis står det til med den politiske arven etter han? Georg Johannesen spela ei nøkkelrolle i grunnlegginga av Sosialistisk Folkeparti. I den første SF-tida trudde han fullt og fast på det kommunistiske samfunnet i sovjetisk utgåve, og han trudde dette systemet ville bli meir demokratisk enn våre samfunn. Etter samanbrotet i austeuropeisk kommunisme tagde han om emnet og heldt fram kritikken mot vest.

Aggressive partar

Han såg på USA og Nato som den mest aggressive parten i etterkrigstida. USA som den einaste som faktisk har brukt atomvåpen i krig, og Nato som landets lydige tenar. Han fnyste av framstillinga av ein sjølvstendig norsk utanrikspolitikk. Noreg er den 51. staten i USA, skreiv og sa han så ofte som mogeleg, det norske utanriksdepartementet har inga anna rolle enn å setja politikken til USA ut i livet.

I biografien til Fidjestøl blir det (mellom anna) gitt ein biografisk bakgrunn for dette. Han nekta militæret og vart dømd til seks månader i fengsel. Han nekta sivilarbeid og fekk meir straff. Det var hans erfaring med norsk militærpolitikk og Nato. Det synet endra han aldri. Det ligg bak formuleringar som at Kristin Halvorsen opptrer som ei flyvertinne på eit amerikansk bombefly.

Historisk ironi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement