Utanriks
Åtti års atterhald
I Tyskland er jakta på ein ny utanrikspolitisk identitet i full gang. Spesielt regjeringspartiet SPD er midt i ei stor sjelegransking.
SPD-sjef Lars Klingbeil (t.v.) saman med den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba tidlegare i år.
Foto: Michael Kappeler / AP / NTB
«Tyskland må hevde å vere ei leiande makt», sa SPD-leiar Lars Klingbeil i ein tale til den partinære Friedrich Ebert-stiftinga for snart to veker sidan. «Etter knappe 80 år med atterhald har Tyskland i dag ei ny rolle i det internasjonale koordinatsystemet», hevda Klingbeil.
I eit land som sidan den andre verdskrigen har hatt ei pasifistisk haldning i ryggmergen, kom det reaksjonar. Leiaren av det sosialdemokratiske ungdomspartiet, Jessica Rosenthal, var raskt ute og slo fast at dette var ei «fullstendig feiloppfatning av Tysklands rolle i verda». Spesielt frå den sterke venstresida i partiet har det hagla kritikk.
Dermed har SPD-sjefen nådd det målet han hadde sett seg: debatt. For dei tyske sosialdemokratane er blant dei som i det lengste har halde seg fast til gamle utanrikspolitiske sanningar.
Russisk gass
I partiet står enno minnet etter Willy Brandt sterkt. Den tidlegare kanslaren tok imot Nobels fredspris for sin Ostpolitik – forsøket på å nære seg den gamle austblokka. Eit vellukka prosjekt som enda i gjenforeininga av dei to tyske statane, men som etter murens fall muterte til eit handels- og næringsprosjekt best illustrert gjennom at tyskarane har gjort seg avhengige av russisk gass. Det kostar ikkje berre tyske forbrukarar dyrt. (I desse dagar reklamerer den tyske regjeringa i dei største avisene for å ta klesvasken på 30 grader for å spare energi.) For dei baltiske statane og Polen var bygginga av to gassrøyrleidningar gjennom Austersjøen eit svik støypt i stål og betong, som Peter Dausend og Jörg Lau skriv i avisa Die Zeit. Eit spørsmål om eksistens.
Etter Russlands åtak på Ukraina er det ikkje lenger mogleg. Både Tyskland og SPD leitar etter ein ny utanrikspolitisk identitet. Det vekte oppsikt utover landegrensene då kanslar Olaf Scholz utropte eit «tidsskilje» i den tyske utanrikspolitikken berre tre dagar etter det russiske åtaket på Ukraina. Det innebar våpenleveransar til Ukraina og ei storstilt opprusting av det tyske militæret. Men utover det har det vore stille frå kanslaren. Tidsskiljet står der utan innhald. Riktig nok har stabssjefen til kanslaren, Wolfgang Schmidt, nyleg uttalt at ingen enno riktig veit kva tidsskiljet inneber – at det er eit dynamisk konsept. Det var Klingbeils tale meint å bøte på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.