Kommentar

«Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.»

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Publisert Sist oppdatert

Partileiaren i Fridomspartiet (FPÖ), som vart størst i søndagens parlamentsval i Austerrike, går ikkje for å vere spesielt karismatisk. Men bak ei litt revisoraktig framtoning er Herbert Kickl ein røynd retorikar. Han starta den politiske karrieren sin som taleskrivar for Jörg Haider på 2000-talet. Her utmynta han enkle og effektive formuleringar. Saman klarte dei å dominere ordskiftet.

Mentoren Haiders politiske karriere enda brått med ei bilulukke i 2008. Etterfølgjaren held fram. No som før speler han på tvitydige utsegner, dels med røter i nazistisk retorikk. Kickl seier han vil bli «folkekanslar» i «Festung Österreich». Det første er eit omgrep assosiert med Hitler, medan «Festung Europa» var eit omgrep nazistane nytta i militærpropagandaen mot dei allierte. No er det Austerrike som skal vernast, mot asylsøkarar og krigen lenger aust.

Fokuset på innvandring er det same som før, men partiet har også fått ei ny valkampsak: Ukraina-krigen. Kickl åtvarar mot ein «Endsiegmentalität» andsynes Russland og vil stagge «blodtørsten» til meir vestvende politiske konkurrentar. Også tanken om endeleg siger kjem frå nazistisk propaganda. No vert han nytta med motsett forteikn.

Denne retorikken har fungert. Men det inneber ikkje nødvendigvis at veljarane er like ytterleggåande som Kickl. Mange er tidlegare sosialdemokratar eller skuffa høgreveljarar. Under EU-valet i juni røysta nær halvparten av alle arbeidarar på Fridomspartiet.

Den typiske FPÖ-veljaren bur på bygda og har lågare utdanning. Dei har vendt seg bort frå styringspartia. Konservative Folkepartiet og sosialdemokratane fekk høvesvis berre 26 og 21 prosent. Førstnemnde vert straffa av veljarar som er misnøgde med at dei er mellom dei som relativt sett tek imot flest asylsøkarar i EU. Ikkje minst er mange uroa for at den sitjande høgreregjeringa skal trekke landet inn i konflikten lenger aust. Då kan ein akseptere Fridomspartiet, sjølv om kanslaren kallar partileiaren ein fare for austerriksk tryggleik.

Nesten er nok

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement