Autismebølgja som ingen forstår

Talet på barn med autisme i Noreg vart firedobla på eit tiår. Årsaka er ikkje endra diagnostikk, seier erfarne fagfolk ved sjukehusa. Dei meiner auken er reell – og uforklarleg.

Publisert Sist oppdatert

Somme grafar er så oppsiktsvekkande at det er vanskeleg å tru på dei. Illustrasjonen du ser på denne sida, er eit slikt tilfelle. Han er henta frå årets utgåve av Folkehelserapporten frå Folkehelseinstituttet og viser utviklinga i talet på autismediagnosar blant gutar i Noreg frå 2010 til 2022. Men det er ingen særleg grunn til å tvile på tala, som byggjer på data frå Norsk pasientregister.

Grafen tyder på at autisme har blitt vanlegare i alle aldersgrupper i denne perioden. Den mest slåande streken viser utviklinga for gutar under fem år. I 2010 hadde under 0,2 prosent av gutane i aldersgruppa ein autismediagnose. I 2022 var det nærare 0,8 prosent – ei firedobling på berre ti år.

Autismediagnosar for jenter i same periode auka omtrent like mykje i prosent. Men utslaget er større for gutane, for autisme er kring fire gonger så vanleg blant gutar som blant jenter. Når så mange småbarn får ein autismediagnose, er det grunn til uro. Barneautisme inneber ofte eit livslangt behov for hjelp. Denne auken kjem etter alt å døme til å få store følgjer.

Sviktar dei svake

Nokre av følgjene har alt vist seg. Den eksplosive auken set press på avdelingane som jobbar med barneautisme ved norske sjukehus. I år har det kome naudrop i avisene frå Seksjon for nevrohabilitering ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Der er det 18 månaders ventetid på utgreiing for autisme etter å ha fått tilvising til spesialist. Fleire erfarne tilsette ved avdelinga vurderer å slutte på grunn av arbeidspresset, skreiv VG i september.

«Vi svikter de svakeste hver dag», var tittelen på eit innlegg i Dagsavisen 10. oktober frå fire psykologar som arbeider med barneautisme ved sjukehuset. I innlegget skildra dei korleis arbeidspresset førte til at autistiske barn og utslitne foreldre må vente uforsvarleg lenge på hjelp. Ein av forfattarane var psykologspesialist Stine Ericson, som har arbeidd ved OUS sidan 2006.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement