Autismeforsking utan svar

Om talet på barn med autisme i Noreg faktisk aukar sterkt, kan ikkje autismeforskinga forklare det.

Datateknologi som nettbrett blir ofte framheva som eit nyttig hjelpemiddel for barn med autisme. Men kan skjermbruk i dei første leveåra òg medverke til at barn kan utvikle autisme?
Datateknologi som nettbrett blir ofte framheva som eit nyttig hjelpemiddel for barn med autisme. Men kan skjermbruk i dei første leveåra òg medverke til at barn kan utvikle autisme?
Publisert Sist oppdatert

Sist veke skreiv Dag og Tid om den oppsiktsvekkande auken i talet på barn under fem år med ein autismediagnose i Noreg. På berre ti år – frå 2012 til 2022 – vart talet firedobla. I 2012 hadde 317 gutar under fem år ein slik diagnose i Noreg, 0,17 prosent av aldersgruppa. I 2022 var det 1265 med diagnosen, eller 0,72 prosent av gruppa. For jentene sin del var den relative auken enda sterkare: I 2012 var det 81 jenter under fem år med autismediagnose i Noreg, ti år seinare var talet 382.

Talet på autismediagnosar i dei rike landa har auka sterkt gjennom fleire tiår. Til no har auken blitt forklart med endra diagnostikk og meir medvit om autisme. Men den forklaringa held ikkje lenger, sa røynde fagfolk ved habiliteringsavdelingane på tre norske sjukehus til Dag og Tid sist veke. Dei meiner talet på barn med sterke symptom på autisme faktisk har auka sterkt i Noreg dei siste åra. Men om det stemmer, kva kan årsaka vere? Dette mysteriet blir temaet her.

Berre barn

Først må vi gjere det klart kva slag autisme dette handlar om. Det såkalla autismespekteret dekkjer ein stor variasjon, frå alvorleg funksjonshemming til lettare variantar av Aspergers syndrom. Dag og Tid har valt å fokusere berre på barn under fem år med autismediagnose. Det er dels fordi auken i talet på autismediagnosar for unge og vaksne kan ha andre årsaker, dels fordi det er blant dei yngste auken har vore sterkast, og ikkje minst fordi dei autismediagnosane som blir stilte på små barn, kan innebere sterk funksjonshemming og behov for hjelp heile livet.

Men om vi skal drøfte moglege årsaker til at barn utviklar autisme, støyter vi på fleire kontroversielle tema langs vegen. Det har å gjere med både historikken til autismediagnosen og utviklinga i forståinga av kva autisme er.

Eldre lesarar hugsar kanskje teorien om dei såkalla «kjøleskapsmødrene», ein ide om at barn utvikla autisme fordi mødrene gav dei for lite varme og omsorg. Denne teorien hadde tynt vitskapleg grunnlag. Men han fekk ganske stor oppslutnad blant psykiatrar og psykologar frå kring 1950 og i tiåra etter, og påførte mødrer til autistiske barn mykje dårleg samvit. På slutten av 1970-talet, da tvillingstudiar synte at autisme i stor grad kunne forklarast genetisk, vart teorien om «kjøleskapsmødrene» skrinlagd. Men om ein byrjar å diskutere moglege sosiale faktorar bak autisme, vaknar dette vonde minnet fort til live.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement