Helse

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Abortutvalet under overleveringa av NOU 2023: 29 «Abort i Norge - Ny lov og bedre tjenester». Utvalsleiar Kari Sønderland i grønt saman med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Abortutvalet under overleveringa av NOU 2023: 29 «Abort i Norge - Ny lov og bedre tjenester». Utvalsleiar Kari Sønderland i grønt saman med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Publisert

Abortlova

Førre veke kom nyhendet om at helseminister Ingvild Kjerkol vil ha ei ny abortlov på plass i løpet av 2024. Lovframlegget vil følgje tilrådingane frå fleirtalet i abortutvalet om å utvide abortgrensa til 18 veker og fjerne dei omstridde abortnemndene. Kjerkol fekk straks motbør frå statsrådkollega Kjersti Toppe (Sp), som til den kristne nettavisa Verdinytt sa at ho vil gå imot framlegget. Olaug Bollestad i KrF kalla framlegget direkte uansvarleg.

Kamzy Gunaratnam er stortingsrepresentant for Ap, og har vorte kalla partiets abortgeneral på Stortinget.

– KrF meiner ei abortgrense på 18 veker vil redusere vernet av det ufødde livet og føre til eit sorteringssamfunn. Er ikkje det ei alvorleg innvending?

– Eg går ikkje med på premissane til KrF. Bollestad lèt som om KrF forsvarar det abortsystemet og den lova vi har i dag. KrF ønskjer å innskrenke sjølvråderetten til kvinnene, så den kritikken frå Bollestad kan eg ikkje forhalde meg til, seier ho.

– Når det gjeld nemndene, så heng ikkje argumentasjonen til KrF på greip. Det store vernet om retten til det ufødde livet står og fell ikkje på om vi har nemnder eller ei. Dei aller fleste kvinner får jo innvilga abort i dag, også etter veke 12, i nemndene. Om vi skal ta vernet om det ufødde livet på alvor, så er det med andre verkemiddel. KrF set barn med Downs syndrom opp mot ei liberal abortlov. Om dei verkeleg ønskjer å verne om folk som er annleis, må dei vere med på å skape eit samfunn som er bygd for slike. Eit døme på det er å få FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i menneskerettslova i 2021. Det framlegget stemde KrF imot.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement