Krig
Bananane som overlevde
I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.
Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.
Foto: rubryka.com
Etter det iranske åtaket på Israel pusta heile verda letta ut. Men i Ukraina sukka dei av misunning. Nato-fly over Jordan og Irak skaut ned iranske dronar, og nesten alle missila som var skotne ut frå Iran, vart avskorne av Israel og deira allierte.
«Om dei hadde hjelpt oss på same viset, ville vi ha frigjort dei okkuperte områda våre for lenge sidan!» skriv somme ukrainarar på sosiale nettverk. «Det er nett det det er – stengt himmelrom!» skriv andre. Og medan amerikanske og britiske fly skaut ned iranske dronar og missil over Jordan og Israel, freista ukrainske grupper i jeepar med lett antiluftskyts å skyte ned iranske dronar som var sende av russarane over Ukraina.
Også president Zelenskyj snakka forbitra om kor godt Israel og partnarane deira hadde avverja det iranske åtaket. Representantar for dei britiske styresmaktene forklarte at Ukraina ikkje får slik hjelp «for ikkje å provosere fram ei eskalering» av krigen med Russland. Forklaringa var årsak til hysterisk latter hos mange ukrainarar.
Ein sakte, men sikker framgang for russiske styrkar går føre seg langs heile austfronten. Russiske styrkar i Donbas har fått ein ny ordre – å ta byen Tsjasiv Jar innan den russiske sigersdagen 9. mai. Ukrainske militærjournalistar skriv om dette som om lagnaden til Tsjasiv Jar er bestemt på førehand, og dei diskuterer korleis okkupasjonen av denne byen vil påverke den vidare utviklinga på den austlege fronten.
Det mange ukrainarar ikkje har fått med seg, er at eit så kostbart (1,3 milliardar dollar) og effektivt forsvar av Israel også var gjennomført for å unngå ei opptrapping av den militære konflikten mellom Israel og Iran. Dersom iranske missil hadde råka eit israelsk sjukehus eller ei stor bustadblokk, ville Israel ha reagert mykje hardare. Og da ville utvekslingar av åtak mellom dei to landa ha vore svært vanskeleg å stogge.
Om det hadde skjedd, ville Ukraina ha vore eit av dei landa den israelsk-iranske konflikten fekk følgjer for. Ikkje berre fordi den militærhjelpa Ukraina reknar med, ville gått til Israel, ikkje Ukraina. Det viktigaste er at den iransk-israelske krigen ville trekt til seg all merksemd frå verda, og Ukraina ville ha hamna enda lenger i bakgrunnen. Difor er Bidens freistnad på å motverke eit auka konfliktnivå i Midtausten svært viktig for Ukraina, sjølv om ukrainske politikarar og vanlege ukrainarar ikkje ser det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.