Kommentar

Bankkrigen

Kor mykje kan Vesten oppnå med sanksjonar mot Russland?

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj talte til Tryggingsrådet i FN via videolink 5. april. Rådet sit talande nok med ryggen til: Sidan Russland har vetorett, er det umogleg for rådet å vedta bindande sanksjonar mot invasjonen i Ukraina.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj talte til Tryggingsrådet i FN via videolink 5. april. Rådet sit talande nok med ryggen til: Sidan Russland har vetorett, er det umogleg for rådet å vedta bindande sanksjonar mot invasjonen i Ukraina.
Publisert Sist oppdatert

Kreml har gjeninnført krig som politisk instrument i Europa. Sidan 24. februar har russiske styrkar drive ein koordinert land-, sjø- og luftkrig mot Ukraina. Målet er å presse Ukraina til territorielle, politiske og militære innrømmingar som «Russland kan leve med». Det er heilagbrot.

Medan europearane skramlar saman det vi har av våpen og legg planar for korleis vi skal styrkje oss om nokre år, rasar den konvensjonelle krigen til Russland utanfor stoveglaset. Europa har sjølvsagt teke parti med Ukraina mot aggressoren. Vi har ekskludert russiske fly frå europeisk luftrom og leverer våpen til bruk i den eksistensielle kampen til ukrainarane. Utover dette skal Europa stogge eit aggressivt Russland med jus og økonomi.

Sigra over krigen

Europa er i villreie. Etter at to verdskrigar la heile europeiske ungdomskull i graver og europeiske byar i grus, vart eit jarnteppe senka over Europa for å halde krigen unna kontinentet. Dei blodige, varme krigane mellom aust og vest fann stad «i andre teater» – til dømes Vietnam, Afghanistan, Guatemala, Kongo og Jemen. Hjå oss var krigen kald.

Nato vart etablert for å gje USA nok fotfeste til å sleppe å redde Europa ein tredje gong. Den europeiske unionen vart danna for å førebyggje krig mellom Tyskland og Frankrike, Italia og Spania, Nederland, Storbritannia og Austerrike, og etter kvart mellom austeuropeiske land òg. Kald krig med jarnteppe i aust og økonomisk og kulturell integrasjon i vest braut syklusar med «ein krig for kvar generasjon» på kontinentet.

Mantraet var at krig aldri meir skulle kome til Europa, korkje frå ein ytre trussel (det sørgde Nato for) eller ein indre trussel (det var EUs oppgåve). Europa kasta krig på historias skraphaug, og då verda igjen vart klar for eit samla Tyskland, var alle samde om at EU med Tyskland i tet skulle vere ei økonomisk stormakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement