Utdanning
Barnehageappen er ikkje berre ein leik
Det er skule- og barnehagestart, og mange får endå ein kommunikasjonsapp i fanget. Statsvitar og sosiolog Karoline Jangård Selliseth forskar på korleis appen påverkar forholdet mellom dei tilsette og dei føresette.
Mange barn tar sine første steg i barnehagen. Dei føresette blir glade for å få bilde av milepælar. Men kor mykje tid skal dei tilsette bruke på digital dokumentasjon?
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
I desse dagar får mange foreldre endå ei kommunikasjonsløysing å bale med. Spireportalen, MinBarnehage, Vigilo, MyKid... Kjært barn har mange namn.
– Kva seier du, som forskar på bruken av kommunikasjonsappar i barnehagen? Er dei kjærkomne?
– Eg har to barnehagar som case i doktorgradsarbeidet mitt. I den eine har dei valt å ikkje gå til innkjøp av ein slik app, noko som fører til at dei oftare snakkar med foreldra ansikt til ansikt. I den andre bruker dei MyKid, ein av dei mest vanlege kommunikasjonsappane i norske barnehagar. Dei tilsette som bruker MyKid, seier at når all praktisk og pedagogisk informasjon blir delt i appen, kan dei bruke tida på å snakke om meir substansielle ting når dei møter foreldra ansikt til ansikt.
– Men det finst dei som ikkje maktar eller gidd å logge seg inn, og som verken les om eller legg inn informasjon om fråvær, henting og levering, mat, klesskift, soving, bleieskift, turar og lus.
– Ja, mange har arbeidseffektivitet som mål, og skal denne bli betre, er dei tilsette avhengige av at foreldra aktivt les informasjon og gir tilbakemelding i appen. Foreldra er dessutan avhengige av å sjekke appen for å tileigne seg viktig informasjon. Avhengnaden er gjensidig. Dei tilsette seier òg at det gjeld å finne ein god balanse: Å gi for mykje informasjon gagnar ikkje kommunikasjonen, fordi det overveldar foreldra.
– Problemet med Spond, Transponder og kva anna vi har av kommunikasjonsappar, er nettopp at det kan bli for mykje informasjon, og at ein del informasjon gjeld andre enn oss sjølve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.