Endre Matre, teknisk sjef ved Westcon Yard, viser stolt fram den karakteristiske baugen på det nyaste prosjektet, ein konseptbåt på oppdrag for Bluewild i Ålesund. Den såkalla X-Bow-modellen er ei utforming av baugen som er ulik den ein gjerne ser føre seg på ein fiskebåt.
Heilt frå dei eldste trebåtane og fram til nyare tid har baugen tradisjonelt gått opp og fram. Slik får ein den profilen som dei fleste tenkjer på som den klassiske båtforma, der framdekket stikk ut framfor resten av fartøyet. Dei som ikkje har lagt merke til utviklinga, kan sjå føre seg X-baugen som det stikk motsette; i staden for at baugen reiser seg opp og ut frå sjøen, krummar han seg ned, slik at han stikk lengst fram nede mot vasslinja.
Brutalistisk
For gamle sjøfolk kan det fort sjå ut som at heile framparten er opp ned. Men sidan rundt 2006 har denne nye, brutalistiske forma vorte eit meir og meir vanleg syn langs kysten. I dag vert mange supplybåtar bygde på dette viset, og no ser det altså ut til at fiskarane følgjer etter.
Tanken bak den omvende baugen er å gjere fartøyet meir straumlinjeforma. Bølgjene skal ikkje bryte mot ein høg baug, men pløyast langs med skutesida. Det er firmaet Ulstein som har utvikla konseptet, som er tilpassa dei krevjande tilhøva i Nordsjøen. Erfaringa frå supplybransjen syner at dette gir betre stabilitet under krevjande tilhøve. Det kan kome godt med om ein skal drive med trålfiske òg.
For spesielt interesserte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.