Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.
Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Kvar skal ein søkje tilflukt om flyalarmen skulle gå der ein bur? Det spørsmålet stilte eg meg då Putin invaderte Ukraina i 2022 og jodtablettane forsvann frå apoteka i løpet av nokre dagar. Eg kjende ikkje til private tilfluktsrom i området der eg bur i Oslo, men på nettsidene til Sivilforsvaret ligg det kart som syner dei offentlege tilfluktsromma rundt om i landet. Frå det noterte eg meg tre adresser.

Den næraste var til ein offentleg bygning eg ikkje hadde lagt merke til før, nær ein kilometer unna heimen. Den skulle ifølgje kartet ha tilfluktsrom med plass til 520 personar. Dei to andre var til to T-banestasjonar som begge låg lenger unna, og som hadde plass til nokre få tusen personar kvar. Truleg ikkje fleire enn dei som går av og på på dei to stasjonane i løpet av ein liten time. Eg resonnerte meg fort fram til at eg måtte vere både rask og svært heldig om eg skulle få ly på nokon av stadene ved fare.

Men no, tre år seinare, har regjeringa føreslege å auke tilfluktsromkapasiteten over heile landet. Det stadfesta statsminister Jonas Gahr Støre og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl då dei førre veke la fram Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen: Forberedt på krise og krig frå regjeringa.

27 år utan bygging

Skulle det oppstå krig, er ei av hovudoppgåvene til styresmaktene å evakuere befolkninga til trygge opphaldsstader. Og krig på norsk jord er ikkje lenger utenkjeleg. Det er tvert om noko vi må vere budde på kan skje, ifølgje Støre og Mehl. Spørsmålet er om det regjeringa har lagt fram, førebur oss på å kunne evakuere.

Det konkrete forslaget frå regjeringa er at Stortinget skal oppheve eit vedtak frå 1998, som har gjeve fritak frå plikta til å byggje tilfluktsrom i nye bygg. Gjer Stortinget det, skal det framover byggjast private tilfluktsrom i nye bygg på over 1000 kvadratmeter og offentlege tilfluktsrom til 20 prosent av innbyggjartalet i kommunane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement