Berekraft i det blå
I Havpanelet har Solberg-regjeringa lova 100 prosent berekraftig bruk av dei norske havområda. Ho vil òg ha meir leiteboring, meir oppdrett og har opna for gruvedrift på havbotnen.
PÅ reisa si til Førde og Florø 3. august rakk statsminister Erna Solberg å halde ein regnbogeaure frå eit oppdrettsanlegg. Oppdrett er ei av havnæringane som skal vekse i åra framover, meiner regjeringa. Dette er òg ei næring som får mykje kritikk for mangel på berekraft.
Foto: Fredrik Solstad / VG / NTB
Norske regjeringar likar å engasjere seg for gode saker ute i verda. Og eitt av dei internasjonale prestisjeprosjekta til Solberg-regjeringa ber namnet «Det internasjonale høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi», oftast berre kalla Havpanelet, og vart sett i gang i 2018.
Dette er eit samarbeid mellom 14 kyststatar som til saman rår over 40 prosent av kystlinene i verda og skal «skape internasjonal forståelse for at bærekraftig bruk av havet og god miljøtilstand gir høy verdiskaping». 240 forskarar har arbeidd med det faglege grunnlaget, og i desember i fjor la panelet fram konklusjonane sine. Med utgangspunkt i denne kunnskapen har så Noreg og dei andre 13 landa forplikta seg til «en bærekraftig forvaltning av 100 prosent av sine hav- og kystområder innen 2025».
Om vi tek ordet «berekraft» alvorleg, er dette mildt sagt eit ambisiøst mål. Erna Solberg har ofte vist til at Noreg har mykje å lære andre land om berekraftig forvalting av havet. «Norge vil ta en lederrolle i globale havspørsmål», heiter det på nettsida til regjeringa. Men kor god er eigentleg den norske havforvaltinga, sett opp mot råda frå forskarane i havpanelet?
Veikt vern
Først skal vi sjå på spørsmålet om vernesonar i havet. I den store sluttrapporten som forskarane i havpanelet la fram i desember, er rådet å verne heile 30 prosent av havområda i verda.
Noreg har slett ikkje vore nokon føregangsnasjon når det gjeld marint vern. Alt i 2004 fekk regjeringa laga ein marin verneplan, men oppfølginga har gått svært sakte. Til no er berre 5 prosent av det norske sjøarealet verna. Og det er eit nokså svakt vern det er snakk om, sidan det mellom anna er lov å drive yrkesfiske i desse områda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.