Eg har vore vikar i Dag og Tid sidan januar. Kva skal eg skrive om i den siste petiten min?
Eg kunne skrive om tida mi i avisa. Korleis eg som fersk nynorskpraktikant klarte å lande eit vikariat her. Korleis eg klarte det, lurer eg framleis på.
Eg kunne gjeve nokre humoristiske stikk til redaktøren. Liksom ta att for dei gongene han ikkje har likt ideane mine. Skildre korleis eg som oftast må vedgå (ikkje så han høyrer det, sjølvsagt) at jau, han hadde nok rett igjen. Om korleis eg har gapskratta av kommentarane hans når han treffer spikaren på hovudet.
Eller kanskje eit respektfullt, men litt ertande nikk til desken – Tiril, Johan, Helga og Eva. Dei som nyttar tre–fire datasystem på ein gong og har stålkontroll. Som redigerer, brekker sider og korrekturles avisa på same tid, og gjev meldingar så øyro flagrar.
Sanninga er at utan dei vert det ikkje avis i det heile. Det same gjeld forresten korrekturlesarane, Ole Jan og Ingvald, som best må skildrast som vandrande ordbøker. Alt dei kan!
Eg kunne ha skrive ein panegyrikk til journalistane. Christiane, Per Anders, Ida, Eva og Håvard. Skarpe og røynde journalistar og forfattarar, som i tillegg til å skrive lange og intelligente tekstar også har hatt tid til å drøfte vinklingar og lese tekstane til ein jypling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.