Krig

Blåmåndag og ein militær løyndom

Av og til verkar det som dei ukrainske styres­maktene heller vil at folk skal diskutere falske nyhende enn verkelege problem.

President Zelenskyj (til venstre) og general Zaluzjnyj (heilt til høgre) ved kransenedlegginga denne veka for soldatar som fall i 1918 ved landsbyen Kruty nær Kyiv.
President Zelenskyj (til venstre) og general Zaluzjnyj (heilt til høgre) ved kransenedlegginga denne veka for soldatar som fall i 1918 ved landsbyen Kruty nær Kyiv.
Publisert

Sist måndag kveld vart vanskeleg for ukrainarane. Ikkje på grunn av svermar av iransk-russiske dronar som kvar dag flyg over himmelen frå annekterte Krym til ulike regionar i Ukraina. Ikkje på grunn av at Russland sende missil mot Donetsk, Kharkiv, Sumy og andre regionar frå dei okkuperte territoria. Ikkje på grunn av at monotone og trøyttande nyhende har blitt eit deprimerande narkotikum som kvart minutt minner kvar ukrainar om den vedvarande og vanskelege situasjonen ved fronten og i landet.

Måndag kveld rapporterte tre truverdige informasjonskjelder at øvstkommanderande for det ukrainske militæret, general Zaluzjnyj, hadde fått sparken av president Zelenskyj. Dette var nok til å få sosiale nettverk til å koke over og til å overbelaste mobilnettet.

«Kva er det som skjer», spurde ukrainarane. «Seinast i dag tidleg la dei to – Zelenskyj og Zaluzjnyj – ned kransar ved monumentet over heltane som døydde for eit uavhengig Ukraina i 1918 ved landsbyen Kruty nær Kyiv!»

Informasjon som ikkje var stadfesta om avskilet til Zaluzjnyj, vart plukka opp av media i Europa og, sjølvsagt, i Russland, der fjernsynskanalar straks byrja diskutere det. Ein av dei viktigaste propagandistane i Russland, Margarita Simonjan, sa at sjølv om dette ikkje er sant, så framhevar det likevel det kaoset som no rår i Ukraina.

Berre eit par timar seinare sende det ukrainske forsvarsdepartementet ut ei særs kortfatta melding. Dei fem orda «Nei, det er ikkje sant», som departementet la ut på nettsida si, kan ein ikkje sjå på som ei offisiell kunngjering, men dei raste gjennom bølgjene i sosiale nettverk for å lette spenninga som brått hadde oppstått i det ukrainske samfunnet. President Zelenskyj kommenterte ikkje sjølv denne historia. Men pressesekretæren hans stadfesta seinare at Zelenskyj ikkje hadde gjeve Zaluzjnyj sparken.

På den eine sida kan stresset ukrainarane opplevde, sjåast på som resultat av ein vellukka russisk mediepsykologisk provokasjon. På den andre sida ville ikkje offentlege personar og den største nettavisa i landet, Ukrainska Pravda, ha spreidd denne meldinga utan å ha trippelsjekka om ho var truverdig. Utan å ha fått stadfesta informasjonen frå presidentkontoret ville dei neppe ha teke risken på å gå offentleg ut med slike utsegner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement