Blasfemi og ytringsansvar

Frontlina for ytringsfridom er ikkje i Frankrike, men i Pakistan.

Den kristne pakistanske kvinna Asia Bibi vart frikjend etter åtte år i fengsel. I februar møtte ho den franske presidenten Emmanuel Macron i Paris og sa at ho ville søke om politisk asyl i Frankrike.
Den kristne pakistanske kvinna Asia Bibi vart frikjend etter åtte år i fengsel. I februar møtte ho den franske presidenten Emmanuel Macron i Paris og sa at ho ville søke om politisk asyl i Frankrike.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Kva har blasfemidomar i Pakistan med Noreg å gjere? Ganske mykje. Ikkje berre er Pakistan eit norsk bistandsland, og alle kjenner vi Pakistan etter nær 50 år med arbeidsinnvandring. I tillegg lever vi i ei global verd der ei karikaturteikning i Frankrike og ein blasfemitiltale i Pakistan vert tolka ut frå same logikken.

«No må vi handle kraftfullt og i fellesskap, kristne og muslimar (…) for å avskaffa blasfemilovene, utan å tenke på kva offer me må gjere.» Dette var den siste bodskapen til den katolske biskopen av Faisalabad i Pakistan, John Joseph, i mai 1998. Han var ein visjonær og sterk religiøs leiar som arbeidde mot fanatisme, og som protesterte mot dei nådelause blasfemilovene i landet. Han sveltestreika og bar somme tider våpen fordi han var drapstruga.

Den siste kampen han kjempa, var for Ayub Masih, ein ung kristen pakistanar frå delstaten Punjab. Masih vart meld for blasfemi fordi han hadde oppmoda ein nabo til å lese Salman Rushdies Sataniske vers. «Les du boka til Salman Rushdie, vil du sjå det sanne ansiktet til islam», var orda som vart siterte i tiltalen. Det var nok til å få ein dødsdom, slik det også var i Noreg då William Nygaard gav ut Rushdie her til lands. I fortviling og protest mot domen skaut biskop John Joseph seg sjølv utanfor tinghuset i Sahiwal 6. mai 1998. Ingen kan skulde han for at bodskapen hans var tomme ord.

Dødsdømde

Historia om biskop John Joseph er spesiell, men det er ikkje historia om Ayub Masih. Nett no sit om lag åtti personar fengsla, dømde til døden eller til fengsel på livstid for blasfemi i Pakistan. Ein av dei er firebarnsfaren Asif Pervaiz i Lahore. Han vart arrestert i oktober 2013. Då hadde ein kollega oppmoda han om å konvertere til islam, men han nekta. Det førte til at nokon tok telefonen hans og sende ei blasfemisk tekstmelding. Etter sju år i fengsel, 8. september no i haust, kom domen: dødsstraff ved henging. Kva som vil skje, veit vi ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement