Kommentar

Blind på eine auget

Russiske soldatar og leigesoldatar står bak krigsbrotsverk i Ukraina. USA er knallhard i kritikken og vil ha skuldige straffa, men møter seg sjølv i døra.

President Joe Biden har stempla og vil strafforfølgje den russiske Wagner-gruppa som kriminell, men kan møte motstand på heimebane frå amerikanske interesser som har operert og opererer på same måten.
President Joe Biden har stempla og vil strafforfølgje den russiske Wagner-gruppa som kriminell, men kan møte motstand på heimebane frå amerikanske interesser som har operert og opererer på same måten.President Joe Biden har stempla og vil strafforfølgje den russiske Wagner-gruppa som kriminell, men kan møte motstand på heimebane frå amerikanske interesser som har operert og opererer på same måten.
Publisert

Den private russiske hæren som går under namnet Wagner-gruppa, er blitt ein sentral aktør i Ukraina. Nyleg stempla Biden-regjeringa Wagner-gruppa som ein «internasjonal kriminell organisasjon» og varsla nye sanksjonar mot eigaren Jevgenij Prigozjin og andre involverte. Også EU har innført sanksjonar mot Wagner-gruppa.

Vi veit nok, frå ulike granskingar, filmopptak og vitnemål, at dei har gjort seg skuldige i krigsbrotsverk i Ukraina. Det same har ordinære russiske styrkar. Sivile er blitt valdtekne og avretta, bustadområde, sjukehus og tilfluktsrom bomba med overlegg, og så bortetter.

President Biden og andre amerikanske politikarar lovar at dei skuldige skal bli straffa. Men det blir ikkje lett, og kritikken frå USA kan stå fram som merkeleg. Ingen har dei siste tiåra gjort meir for å privatisere krigføring, eller for å undergrave Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC), enn nett USA.

Frå Blackwater

Leigesoldatar er omtrent eit like gammalt fenomen som krig, men i moderne tid har statar stort sett hatt monopol på militær vald og krigføring. Sjølvsagt har det vore mange unntak, spesielt i Afrika. Heilt sidan avkoloniseringa har Afrika vore ein magnet for «eventyrlystne» leigesoldatar, gjerne eksmilitære. Vi kjenner to slike i Noreg: Joshua French og Tjostolv Moland, som freista å gjere karriere i Kongo. Men på statleg nivå var regelen, ikkje minst under den kalde krigen, at statar stod bak hærstyrkane som blei trena opp og utrusta for krig.

Eit avgjerande skilje kom i 2001, med USAs globale krig mot terror og invasjonen av Afghanistan og seinare Irak. Her begynte USA å nytte private kontraktørar i stor stil, til sikring, vakthald, eskorte og ei lang rekkje andre oppdrag. Det mest notorisk kjende av desse selskapa er Blackwater. Men fleire andre var minst like involverte, som amerikanske DynaCorp og IMPRI, og britiske selskap som Aegis, Erynis og Armour Group. Mange titusen leigesoldatar og andre tenestefolk blei hyrte inn på amerikanske milliardkontraktar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement