Helse
– Blokkerer for ein fornuftig debatt
Veksten i helse- og omsorgssektoren kan ikkje halde fram, hevdar Helsepersonellkommisjonen. Ein påstand utan dekning, meiner forskar i Statistisk sentralbyrå Erling Holmøy.
Gunnar Bovim, leiar for Helsepersonellkommisjonen, ved framlegginga av NOU-en «Tid for handling» 2. februar. Det blir færre tilsette per pasient i framtida, slo Bovim fast.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Da Helsepersonellkommisjonen la fram utgreiinga Tid for handling 2. februar, verka timinga perfekt. Kommisjonen vart nedsett i 2021 for å kome med forslag til korleis Noreg kan sikre nok personell i helse- og omsorgstenestene fram mot 2040. Og ropa om mannskapsmangel kjem tett for tida. Fastlegeordninga er i kneståande, kapasiteten er sprengd. NRK har fortalt om vanskjøtsel ved sjukeheimar fordi det er for få pleiarar på vakt. Frå sjukehusa blir det ropt varsko om farleg høgt arbeidspress og akutt mangel på legar og sjukepleiarar.
Men hovudbodskapen frå kommisjonen er ikkje ei oppskrift på korleis vi skal få fleire legar og sjukepleiarar. I Tid for handling heiter det at veksten i helse- og omsorgssektoren ikkje kan halde fram – trass i eldrebølgje og stigande velstand. «Det er ingen vei utenom at det blir færre ansatte per pasient», slo utvalsleiar Gunnar Bovim fast under pressekonferansen da utgreiinga vart presentert 2. februar. «Helsepersonellkommisjonen vurderer at helse- og omsorgstjenestenes andel av samfunnets totale arbeidssstyrke ikke kan øke vesentlig», heiter det i NOU-en.
Men desse bastante konklusjonane har kommisjonen slett ikkje dekning for, meiner Erling Holmøy.
– Blokkering
Holmøy er sjølv ei av dei mest siterte kjeldene i Tid for handling. Han er forskar i Statistisk sentralbyrå og ein av dei fremste ekspertane i Noreg på korleis norsk økonomi og offentlege finansar blir påverka av demografiske endringar. Holmøy har hatt hovudansvar for ein SSB-rapport om utviklinga i etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester, som vart tinga som grunnlagsmateriale for Helsepersonellkommisjonen. Han undrar seg over påstanden om at helse- og omsorgssektoren ikkje kan få ein særleg større del av arbeidskrafta enn i dag.
– Eg skjøner ikkje kor den konklusjonen kjem frå. Grunngjevingane frå kommisjonen held ikkje. Dei kolliderer med hovudprinsippa i samfunnsøkonomifaget om korleis samfunnet bør fordele knappe ressursar, seier Holmøy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.