Kommentar

Bodskapen som ingen vil høyra

Knut Storberget fortalde denne veka det norske folket at dei gode tidene er forbi. Skal Forsvaret bli styrkt slik han vil, må alt anna skjerast inn til beinet.

Publisert Sist oppdatert

Under den kalde krigen var verda mykje enklare: Ein krig mellom aust og vest var, mesteparten av tida, lite sannsynleg. Men om krigen kom, då ville Noreg stå øvst på den lista over land som USA ville hjelpa. Oppgåva Noreg hadde, var å leggja til rette for at den amerikanske hjelpa kom fram til norske hamner. Etter det kunne me la amerikanarane ta over krigen.

Noreg var altså rimeleg godt forsikra. Likevel brukte den norske staten gjennom fleire tiår litt meir enn 3 prosent av BNP på Forsvaret. Så kom samanbrotet i Sovjetunionen. Det norske samfunnet tok ut heile vinsten, den såkalla fredsdividenden, og brukte han på alle moglege gode tiltak i det norske samfunnet. No ligg nivået på forsvarsutgiftene, målt mot BNP, på om lag halvparten av der dei låg for 60 år sidan.

Attende til 60-talet

Då tidlegare justisminister og no statsforvaltar Knut Storberget onsdag la fram innstillinga frå Forsvarskommisjonen av 2021, var bodskapen at me må venda attende til 1960-talet. Problemet er at det er enorme mengder med pengar det handlar om: I 2020 brukte Noreg om lag 72 milliardar kroner på Forsvaret. I år er forsvarsbudsjettet på 76 milliardar. På nokre års sikt meiner Storberget og kommisjonen hans at forsvarsbudsjettet må opp til om lag 146 milliardar.

Tankegangen til Storberget er ikkje vanskeleg å forstå: Den største grannen vår, Russland, har gått laus på Ukraina og terroriserer folket der. Ein krig i Europa er i gang, og ein europeisk storkrig er ikkje heilt utenkjeleg. Samstundes er garantisten for Noregs tryggleik, USA, ikkje lenger ein påliteleg alliert. Om Donald Trump igjen flyttar inn i Det kvite huset, er det ikkje nokon som veit om artikkel 5 i Nato-pakta, den som garanterer hjelp til Noreg, vil vera liv laga.

Andre scenario

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement