Kommentar

Brennoffer og branntomter

Mens eg las ei bok om erstatningar til jødar for uretten dei blei påførte under krigen, hamna eg i eit Finnmark i flammar.

Tyskarane brenner Vadsø før tilbaketoget hausten 1944.
Tyskarane brenner Vadsø før tilbaketoget hausten 1944.
Publisert

Boka av Berit Reisel, Hvor ble det av alt sammen?, har alt fått mykje omtale, og debatten kjem til å vare ei god stund (boka blei meld sist veke i Dag og Tid).

Hvor ble det av alt sammen? handlar om prosessen for at jødar i Noreg skulle få ein omkamp mot den norske staten om erstatning utover det som blei gitt etter krigen. Jødar kunne sjølvsagt søke om erstatning på lik line med alle andre nordmenn, men dei hadde spesielle problem som ikkje blei tatt omsyn til.

Ein serie artiklar av Bjørn Westlie i Dagens Næringsliv skapte oppsikt, også internasjonalt. Den israelske ambassaden omsette artiklane fortløpande, og sommaren 1995 blei Berit Reisel kontakta av ambassaden, skriv ho. Dei ville ha eit møte med Reisel, som var nestleiar i Det Mosaiske Trossamfund, og leiinga for den internasjonale jødiske kanalen World Jewish Congress (WJC). «Meningen var å diskutere et mulig uavhengig jødisk initiativ til en gransking av de økonomiske overgrepene mot den jødiske minoriteten i Norge», skriv Reisel. Først var Reisel skeptisk, men ho lét seg overtale.

Justisdepartementet og andre statlege instansar opplevde eit stadig aukande press for å granske saka. Det var òg kome signal om at jødiske etterkommarar planla å ta ei lang rekke enkeltsaker til retten.

I 1996 blei det sett ned ein kommisjon, det såkalla Skarpnes-utvalet. Det skulle granske handsaminga av erstatningsprosessen mot jødar i Noreg. Utvalet blei til slutt splitta. Dei to som var peikte ut av Det Mosaiske Trossamfunn, Berit Reisel og historikaren Bjarte Bruland, tok dissens og ville ikkje akseptere konklusjonen til fleirtalet.

Det var usemje om premissane for granskinga. Statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) omfamna konklusjonen til mindretalet, som i praksis innebar at erstatninga blei auka frå rundt 110 millionar til 450 millionar 1997-kroner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement