Brestane i ryggrada
Fregattane skulle jakte ubåtar og syne Noregs makt på havet. Etter snart 20 år har dei enno ikkje fylt rolla dei var tiltenkte.
ULUKKE: «Helge Ingstad» sokk etter kollisjonen 8. november 2018.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Ein 33 år gammal mann sit denne veka på tiltalebenken i Hordaland tingrett, skulda for aktløyse i tenesta. Han var vaktsjef da fregatten «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola» i Hjeltefjorden i Hordaland natt til 8. november 2018. Skroget til fregatten vart flerra opp, mannskapet evakuerte utan å skalke lukene, og eit skip til fire milliardar kroner vart eit vrak. Om Noreg skal kjøpe ein ny fregatt for å erstatte tapet, blir prisen truleg det tredobbelte.
Havariet til «Helge Ingstad» er botnpunktet i historia om dei norske fregattane. Det vart utan tvil gjort svært store feil på brua den natta. Men dette forliset er langt ifrå det einaste som har gått gale med desse skipa. Soga om fregattane er full av kostbare feilvurderingar. Somme av feila kan vere med på å forklare at det gjekk som det gjorde i Hjeltefjorden.
Ryggrada
Avgjerda om at Noreg skulle investere i nye fregattar, vart teken i 1999, etter fleire år med forarbeid. Fregattane i Oslo-klassa var blitt nærare 40 år gamle, og Sjøforsvaret ønskte seg minst fem nye. Kontrakten med det spanske Bazan-verftet vart teikna i 2000, og fregattane vart leverte i åra frå 2006 til 2011.
Med ein opphavleg prislapp på til saman 12 milliardar kroner, som etter kvart voks til 19 milliardar, var fregattane den største investeringa til det norske forsvaret nokon gong. Dei skulle vere allsidige og svært slagkraftige krigsskip, og vart omtalte som sjølve ryggrada i Sjøforsvaret.
Fregattane var ikkje tiltenkte noka viktig rolle i forsvaret av norskekysten. Dei skulle derimot tene som eskortefarty om Noreg trong forsterkingar frå allierte i ein krigssituasjon, dei kunne sendast ut på internasjonale operasjonar, og dei kunne brukast til å vise musklar om det oppstod konfliktar i Barentshavet som Kystvakta ikkje klarte å handtere. Men først og fremst skulle fregattane vere ubåtjegerar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.