– Bruk makt mot teknologiselskapa

Tidlegare EU-parlamentarikar Marietje Schaake meiner styresmaktene må vere tøffare.

Marietje Schaake er tilsett ved Cyber Policy center ved Stanford-universitetet i Palo Alto.
Marietje Schaake er tilsett ved Cyber Policy center ved Stanford-universitetet i Palo Alto.
Publisert

– Vi kan ikkje tolerere den totale mangelen på respekt for lova som dei store teknologiselskapa syner, seier Marietje Schaake.

Den tidlegare profilerte EU-parlamentarikaren meiner politikarar må bruke meir makt mot desse selskapa. Fram til i fjor var Schaake medlem av EU-parlamentet for det nederlandske sosial-liberale partiet D66. I løpet av ti år på den europeiske politikkscena markerte ho seg i teknologispørsmål. «Europas mest tilkopla politikar», skreiv Wall Street Journal.

No har 41-åringen bytt europeisk politikk med akademia på den amerikanske vestkysten. Dag og Tid treffer henne like utanfor portane til det velkjende Stanford-universitetet i hjartet av Silicon Valley. Der er ho tilsett som international policy director ved Cyber Policy Center og som forskar ved Institute for Human-Centered Artificial Intelligence. Med si røynsle skal ho bidra til å minske gapet mellom politikkutvikling og teknologi.

Signal om å handle

Schaake legg ikkje skjul på at ho er uroa over utviklinga i den teknologiverda som spring ut av miljøet i og rundt den nye arbeidsplassen hennar. For henne er problemet at vi tolererer at det er OK å bevege seg raskt, øydeleggje ting, slik Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg formulerte seg i unge år – og i tillegg ikkje respektere lova.

Samstundes vil ho ikkje at uroa skal paralysere, men heller vere eit signal om å handle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement