Kommentar
Bryt fast statsskikk – igjen
Helseminister Bent Høie (H) og statsminister Erna Solberg (H) bryt fast statskikk dersom statsråd Høie blir utnemnd til fylkesmann i Rogaland. Skal han utnemnast, må han først gå av som statsråd. Han kan då ikkje kome tilbake i statsrådsposten etter å ha fått fylkesmannsjobben. Høie må då ta plass i Stortinget og halde seg der til han kan tiltre fylkesmannsjobben etter enda stortingsperiode i 2021. At Høie har søkt frå posisjonen som statsråd og at Solberg har akseptert det, er i seg sjølv brot på norsk statsskikk.
Høie, som også er nestleiar i Høgre, hadde neppe søkt fylkesmannsjobben om han ikkje hadde vore nokså sikker på å få han. Han konkurrerer med ein tidlegare statsrådskollega, tidlegare barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp). Ho gjekk tilbake til Stortinget då ho gjekk av som statsråd i januar i år, då Venstre vart innlemma i regjeringa.
Erna Solberg har tidlegare demonstrert at ho ikkje er så nøye med å halde seg til norsk statsskikk. I juni 2014 vart fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) utnemnd til fylkesmann i Troms medan ho var statsråd i Solberg-regjeringa. Ho vart sitjande som statsråd til etter stortingsvalet 2017. Det var eit klart brot på statsskikken. Statsministerens kontor vedgjekk då overfor Dag og Tid at det ikkje tidlegare finst døme på at ein sitjande statsråd eller statssekretær er utnemnd til ei embetsstilling av Kongen i statsråd.
Det er nok av døme opp gjennom åra på at statsrådar og statssekretærar har blitt utnemnde til embetsstillingar, men då har dei alltid tidlegare søkt avskil frå dei politiske stillingane dei sat i. Slik var det til dømes med dagens fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa. Ho gjekk av som statsråd i Stoltenberg II-regjeringa i juni 2012 for å kunne søke fylkesmannsjobben i heimfylket. I oktober same år vart ho utnemnd. Det gjeld også Jørn Holme som var statssekretær for Venstre, og justisminister Odd Einar Dørum i Justisdepartementet. Holme søkte avskil, gjekk av og søkte og vart så sjef for Politiets tryggingsteneste (PST) i 2004.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.