Kommentar
Byråkratisk woke
Woke-vekkinga er truleg på hell, men sjølve ordet og omgrepet har kome for å bli.
Foto: Børre Høstland / Annar Bjørgli
Når ein har levd ei stund, veit ein av røynsle at vekkingar har ei levetid på eit tiår eller to. Sluttfasen er sjeldan eit sjarmerande syn, og det er truleg ein slik me ser no.
At woke-vekkinga er på hell, veit me som har born i tenåra. Grunnverdiane har dei fått inn med morsmjølka, men dei nektar å stå i ein vestleg skammekrok og gjera bot for kolonitida. Fleirkultur er ikkje noko dei drøymer om, men lever i.
Eit anna teikn: Vekkinga vert forkynt av halvgamle byråkratar. Dei nyanselause aktivistane er grå eminensar i statlege riksinstitusjonar. Eit kjent døme fekk me laurdag i Aftenposten då den svenske kunsthistorikaren og avdelingsdirektøren ved Nasjonalmuseet Stina Högkvist skulle grunngje kvifor Christian Krohgs måleri «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» (1893) ikkje vil vera å sjå i museet: «Det er et kolonialistisk bilde.»
Vestleg kolonisering stod sentralt i eit liknande døme i Dag og Tid dagen før. Journalisten spurde Pål Kristian Eriksen, seniorkonsulent i Språkrådet og aktuell med boka Språk på sotteseng: «Kva er det som fa°r deg til a° tru at tempoet i den lingvistiske masseutryddinga kan auke i a°ra framover?» Seniorkonsulenten svarte: «Det er det vitskapen fryktar. Etter den vestlege koloniseringa av verda, der ein har fa°tt kolonimaktspra°k som mellom andre engelsk, fransk og portugisisk som politisk er svært sterke i store delar av verda, ser vi at det ga°r ut over urfolksspra°ka og minoritetsspra°ka som blei snakka i desse omra°da.»
Av dei tjue største språka i verda i dag er fem vestlege. Kva med dei femten ikkje-vestlege storspråka? Finn ein ikkje språkdød i kjølvatnet etter utbreiinga av mandarin og arabisk?
Slik spør ein tenåring, men spørsmåla er ikkje woke. Slik arvesynda ligg som ein uuttala premiss i kristentrua, ligg vestleg skuld som ein uuttala premiss i woke-vekkinga – med éin skilnad: Arvesynda er universell, som menneskerettar på vranga, medan woke-skulda er kulturelt og etnisk essensialiserande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.