Fiske

Da trålarimperiet fall

Det var internasjonal havrett, ikkje fiskeripolitikken til EU, som knekte den store britiske trålarflåten.

Den britiske fregatten «Scylla» og den islandske kanonbåten «Thor» vaktar på kvarandre i den såkalla torskekrigen mellom Storbritannia og Island i 1973. Islendingane ville nekte britiske trålarar å fiske i det dei såg på som islandsk farvatn. Og snart skulle havretten gje Island rett.
Den britiske fregatten «Scylla» og den islandske kanonbåten «Thor» vaktar på kvarandre i den såkalla torskekrigen mellom Storbritannia og Island i 1973. Islendingane ville nekte britiske trålarar å fiske i det dei såg på som islandsk farvatn. Og snart skulle havretten gje Island rett.
Publisert

Når striden om fiskekvotar vekkjer så sterke kjensler i Storbritannia, er det vel så mykje av historiske grunnar som av økonomiske. Storbritannia var lenge den leiande fiskerinasjonen i verda. Men mykje av den statusen var ikkje bygd på fiske kring dei britiske øyane, men på fiske i fjerne farvatn, frå Barentshavet til dei store bankane aust for Nord-Amerika. Engelskmenn fiska torsk ved Island alt i mellomalderen og ved Newfoundland frå 1500-talet, men det var den industrielle revolusjonen som verkeleg sette fart på sakene.

Torskekrig

Det moderne trålfisket er ei britisk oppfinning. På 1800-talet auka etterspurnaden etter fisk i dei veksande industribyane, og jernbanen kunne få fisken fort fram til marknaden, dermed greip trålfisket i Nordsjøen om seg – først med seglskuter. I 1880-åra kom dampskipa og gjorde trålinga langt meir effektiv, og alt mot slutten av 1800-talet var det teikn til at fiskebestandane i Nordsjøen minka. Trålarane frå dei store fiskerihamnene Hull og Grimsby måtte dra stadig lenger vekk for å gjere gode fangstar – mellom anna til Island, Bjørnøya og til farvatna langs norskekysten. I Nord-Noreg kom dei britiske trålarane stadig i konflikt med lokale fiskarar, og gjennom mange tiår skapte dette fisket juridisk strid mellom Noreg og Storbritannia. Islendingane gjekk enda hardare til verks for å halde dei britiske trålarane vekk frå farvatna sine, noko som førte til «torskekrigane» i 1950- og 1970-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement