Fiktivt
Dårleg samvit i Kyrkja
Norske biskopar erkjenner at Den norske kyrkja har påført homofile smerte opp gjennom åra. Men framleis kan prestar seie nei til å vie kjærastar av same kjønn.
Homofile og lesbiske har kunna gifte seg i kyrkja sidan 2017, men prestar kan reservere seg mot å vie dei.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Kyrkja har påført homofile og lesbiske stor skade og smerte, kunne vi lese i ei lang rekkje aviser denne veka. Overskriftene kom frå Den norske kyrkja sjølv, eller rettare sagt frå biskopane, som hadde samla seg om denne erkjenninga på bispemøtet 18. februar. Sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i 1972, partnarskapslova kom til i 1993 og ei felles ekteskapslov vart innført i 2009, har Kyrkja stått i spennet mellom dei som vil endre haldningane sine i takt med resten av samfunnet og vie homofile i kyrkja, og dei som meiner homofilt samliv strir mot Guds ord.
I 2016 vart kyrkjemøtet, det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja, samde om at Kyrkja skulle romme begge syna. Alle homofile som vil gifte seg i kyrkja, skal få gjere det, men prestane som meiner det strir mot teologien å vie dei, kan overlate oppgåva til andre.
Olav Fykse Tveit er preses i Den norske kyrkja.
– Kvifor kjem bispemøtet med denne erkjenninga nett no?
– Det er femti år sidan seksuelle handlingar mellom menn vart avkriminaliserte. Kyrkja og bispemøtet har spelt ei rolle i diskusjonane om homofile i Noreg både før og etter avkriminaliseringa. Dette var eit høve til å seie at vi står ein annan stad i dag enn vi gjorde tidlegare. Vi ville skifte perspektiv. I staden for å diskutere teologi ville vi peike på kva Kyrkja sitt syn på homofile og lesbiske har ført til for dei det gjeld, og kva ansvar Kyrkja har for det. Vi ser dette no ut frå dei homofile og lesbiske sin eigen livssituasjon og det dei seier handlingane til Kyrkja har gjort med dei. Det er eit rimeleg og viktig perspektiv å ta i eit slikt år.
– I 2016 opna kyrkjemøtet for to syn på likekjønna ekteskap. Tek de i uttalen denne veka eit oppgjer med eitt av dei to syna?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.