Datamaskinene reknar seg varme

Skal datasenter og kunstig intelligens få drive den globale oppvarminga forbi to gradar?

Det første datasenteret til Google i Tyskland.
Det første datasenteret til Google i Tyskland.
Publisert

Datamaskiner er i utgangspunktet lite energikrevjande teknologi. Ein PC kan gjere avanserte rekneoperasjonar med eit minimalt straumforbruk. Men gjennom framveksten til internettet, skylagring og ein stadig rikare flora av strøymetenester har datatrafikken likevel blitt ganske energikrevjande.

Kunstig intelligens, eit felt i rask vekst, krev svært mykje datakraft for å fungere. No fryktar somme at det blir datasentera som knuser håpet om å halde den globale oppvarminga under to gradar. Det hjelper lite å produsere store mengder ny straum frå fornybare kjelder om forbruket aukar enda meir.

Rask vekst

Førebels gjer ikkje denne industrien verkeleg store innhogg i kraftmarknaden, dels fordi teknologien har blitt stadig meir effektiv. Sidan 2010 er internettrafikken 25-dobla, ifølgje Fortune. Straumforbruket har slett ikkje auka tilsvarande. I verda brukar datasenter, kryptovaluta og kunstig intelligens kring 2 prosent av straumen, ifølgje IEA. I USA, heimlandet til ein tredel av dei omtrent 8000 datasentera i verda, står datasenter for kring 4 prosent av straumforbruket. Uroa handlar mest om kor fort denne industrien kan vekse. I fleire delar av USA har datasentera sett press på både kraftforsyninga og straumnettet, skreiv New York Times i mars. Boston Consulting Group spådde at straumforbruket til sentera i USA kunne bli tredobla innan 2030.

I Irland har datasentera blitt eit alvorleg problem for straumforsyninga. Låge skattar og nærleik til dei transatlantiske kablane har gjort landet attraktivt for dei store dataselskapa. I 2022 brukte datasentera 17 prosent av straumen i i Irland. På grunn av veksten i kunstig intelligens meiner IEA at datasentera i landet vil doble straumforbruket sitt innan 2026. Det er ikkje sikkert det får gå så langt: Irland er eitt av fleire land som har innført restriksjonar på utbygginga av nye datasenter.

Google i Noreg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement