Debatten som ikkje døydde

Etter 25. juni-skytinga i Oslo freista ein på vanleg vis å kvela ordskiftet om tilhøvet mellom vald og religion, terror og islamisme, men denne gongen døydde ikkje debatten.

Publisert

For dei som meiner at hovudstraumsmedium ikkje vågar å ta dei vanskelege debattane, kjem her ein dag-for-dag-gjennomgang av ein debatt som mange har freista å kvela og endå fleira har venta på. Tankekrossen er sjølvsagt at gjennombrotet i ålmenta har ein blodig og tragisk bakgrunn – tap av menneskeliv og åtak mot skeive.

Laurdag 25. juni

Det er snart ei veke sidan 25. juni-skytinga i Oslo. Om grunnane til ugjerninga er psykisk sjukdom eller religiøs ideologi, eller ei blanding, er ikkje slått fast. Mykje ser ut til å knyta den sikta, Zaniar Matapour, til islamistisk aggresjon mot skeive, så mykje at fleire tenkte at den tragiske hendinga kunne opna for kritisk refleksjon kring haldningar til skeive mellom norske muslimar.

Marginaliserte muslimar har fleire gonger freista å reisa debatten, til dømes etter islamistisk motiverte drap på skeive i Orlando i USA i 2016 og i Reading i England i 2020, men kvar gong har debatten vorte kvelt av dei som meiner at han vil fremja rasisme og stigmatisera, og at hendingane ikkje har noko med religion å gjera.

Ville debatten koma no, når dette såg ut til å ha hendt i Noreg?

Nei, ein av dei fyrste i ein høg posisjon som uttala seg, stortingspresident Masud Gharahkhani, slo same dag som 25. juni-
skytinga fast kva valdsgjerninga ikkje handla om. «Hat er hat, og har ikke noe med religion eller bakgrunn å gjøre», uttala han til VG laurdag ettermiddag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement