Dei nye skriftlærde
Elevar som får skriveopplæring på nettbrett, lærer like godt å skrive som dei som lærer å skrive for hand, men fyrst etter at dei har fått handskriftopplæring.
Nær 80 prosent av norske skular har no digitale einingar til alle elevar på 1. og 2. trinn. No kjem forskinga om kva nettbruken har å seie for skriveutviklinga og handskrifta til elevane.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dei fleste elevar i norsk grunnskule har i dag eit eige digitalt verktøy, som iPad, PC eller Chromebook. Sjølv på barnetrinnet har no nær 80 prosent av skulane eigne digitale verktøy til alle elevar på 1. og 2. trinn, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.
Dette inneber at også skriveopplæringa for mange elevar no går føre seg på datamaskinar eller nettbrett frå fyrste klasse. Nokre klassar startar endåtil skriveopplæringa på nettbrett fyrst og byrjar med handskrift seinare, medan andre lærer å skrive med hand og på nettbrett parallelt.
Kva denne digitaliseringa av undervisninga har å seie for skriveutviklinga og handskrifta til elevane, jamført med det å lære å skrive på den tradisjonelle måten, har det ikkje vore særleg med kunnskap om. Men nettopp dette ser ei gruppe forskarar frå Høgskulen i Volda og Lesesenteret i Stavanger no på.
Gjennom prosjektet DigiHand undersøkjer dei korleis bruken av nettbrett og ulike skriveverktøy påverkar handskrifta og skriveutviklinga til 585 elevar ved 33 ulike skular gjennom dei to fyrste skuleåra. Prosjektet vart nyleg omtalt av NRK Møre og Romsdal under tittelen «Ber foreldre ikkje bekymre seg: – Barna lærer like godt å skrive når dei brukar nettbrett».
Saka kunne lesast som ein kommentar til det NRK hadde fortalt om månaden før: Facebook-gruppa Opprop for mindre skjermbruk på barneskolen, som på kort tid hadde fått fleire tusen medlemmer, og ei mor som dreiv skrivetrening på papir med barna heime, fordi ho meinte skriveopplæringa på nettbrett i skulen ikkje fungerte. Ho sa at dottera både feilstava ord og skreiv bokstavar feil veg når ho skreiv for hand, og at skilnaden på kva ho kunne med og utan nettbrett, var som «dag og natt».
Prosjektleiaren for DigiHand sa derimot at det «ikkje (er) nokon vesentleg forskjell i tekstkvalitet om elevane startar å skrive for hand, eller med digitale verktøy», og at «(d)ei fleste vil lære å skrive for hand etter andre klasse uansett». Det kom òg fram at forskarane bak DigiHand ikkje såg nokon særleg skilnad på handskrifta til elevar som skriv mest for hand, jamført med dei heildigitale elevane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.