Sideblikk
Dei skadeskotne regjeringspartia
Det er stadig større skilnad mellom lokale og nasjonale val, men ordførareffekten er liten.
Ola Borten Moe er dømd til to års tvangsarbeid på Stortinget etter at han har brutt habilitetsreglane.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Det er ikkje unormalt at ei sitjande regjering taper val. Ho blir halden til ansvar for brageløfte før valet, alt som går gale, og alt som utolmodige veljarar er misnøgde med. Styringsfrådraget er som oftast større enn styringstillegget i dagens omskiftelege politiske landskap der veljarar vandrar kvilelaust.
Men det er sjeldan det går så raskt nedover som det har gjort for Støres regjering. Mange synest synd på den sympatiske Jonas. Han har vore uheldig med ytre omstende på si vakt, men har også rota det til for seg sjølv. Han har ikkje hatt godt nok mannskap, men har heller ikkje imponert som stødig styringsmann, til dømes i energipolitikken.
Regjeringa har vore i ein negativ spiral i opinionen. Senterpartiet lova meir i opposisjon enn dei kunne halda, då dei blei innlemma i styringseliten og let seg omfamna av hertuginnene. Plussar i den politiske resultatrekneskapen er nulla ut av pendlarbustader og habilitetsgranskingar. Håndbok for politisk ledelse har erstatta Gerhardsens Tillitsmannen som obligatorisk pensum.
Norsk politikk er blitt særleg hendingsrik på personalplanet, med strid mellom kongsemne og sjølvpåførte banesår. I Trøndelag og Nidaros har jarlar hatt lyst på makt og ymist anna. Ein treng ikkje forsking og høgare utdanning for å ana at det måtte skjera seg.
I Arbeidarpartiet har vennskapsband ført til kvinnefall. Ola Borten Moe fall på mistenkelege aksjetransaksjonar og er dømd til to års tvangsarbeid på Stortinget. Hans tid som signa kongsemne er over; det gler dei seg over i Sogn.
Erna Solberg er sjølvsikker og tilbakelent der ho bussar rundt og briskar seg. Vertinna har sans for at denne bergensaren ter seg folkeleg, men ho tykkjer det blir for mange selfies og merkelege påfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.