Dei som bygde landet
Soga om eigedomsselskapet Evergrande er langt på veg soga om Kina dei siste 30 åra. Kva kjem etter konkursen?
Bustadblokker reiste av Evergrande i Beijing, september 2023. Veksten til selskapet var rask og sterk i mange år, inntil president Xi skrudde att kredittkrana i 2020.
Foto: Florence Lo / Reuters / NTB
På måndag fall ein dom av uvanlege dimensjonar i ein rettssal i Hongkong, da dommar Linda Chan slo det kinesiske eigedomsselskapet Evergrande konkurs. Selskapet har over 3100 milliardar kroner i gjeld og ingen truverdig plan for å kunne gjere opp. Difor må Evergrande tvangsoppløysast, slo Chan fast. Tala i denne saka er svimlande store og reiser tilsvarande store spørsmål. Kva tyder dette for Kina – og for verda?
For å setje fallitten i perspektiv: Konkursen til Evergrande er den største sidan den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers gjekk under i 2008. Lehman-konkursen var som kjent startskotet for finanskrisa, som nesten fekk verdsøkonomien til å gå i stå.
Sakte fall
Mykje er ulikt denne gongen: Konkursen til Evergrande var ikkje noko sjokk, ikkje eingong ei overrasking. Fallet til eigedomskjempa har skjedd i sakte rørsle. Alt i 2021 vart det klart at Evergrande var ute av stand til å handtere gjelda.
Men veksten til Evergrande fortel mykje om den ekstreme utviklinga Kina har hatt dei siste tiåra, og fallet til selskapet fortel mykje om veksesmertene i den kinesiske økonomien. Knapt nokon analytikarar i finanspressa trur at dette er ein ny «Lehman-augneblink». Den kinesiske staten har mange reiskapar for å handtere skadeverknadene, dei statsstyrte bankane skal ikkje vere truga, og smittefaren frå konkursen ser ut til å vere avgrensa. Men utviklingstrekka som knekte Evergrande, kan òg få store følgjer både i og utanfor Kina. Dei moglege konsekvensane kjem vi attende til.
Ein flink gut
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.