Dei vanskelege vedtektene

Industri- og Næringspartiet vil klare seg godt utan leiar Owe Ingemann Waltherzøe, forsikrar nestleiar Finn Arne Follestad.

Det var god stemning på valvaka til Industri- og Næringspartiet på Restaurant Louise i Oslo under kommunevalet i 2023. Partileiar Owe Ingemann Waltherzøe ståande midt i biletet.
Det var god stemning på valvaka til Industri- og Næringspartiet på Restaurant Louise i Oslo under kommunevalet i 2023. Partileiar Owe Ingemann Waltherzøe ståande midt i biletet.
Publisert Sist oppdatert

Intervjuet vart gjort før leiar Owe Ingemann Waltherzøe trakk seg torsdag kveld.

Industri- og Næringspartiet (INP) har hatt fire framgangsrike år sidan stiftinga i februar 2020. I fleire meiningsmålingar har partiet hatt stor nok oppslutnad til å kome over sperregrensa i stortingsval. Men no stormar det i INP. Leiar og partigrunnleggjar Owe Ingemann Waltherzøe har fått hard kritikk for leiarstilen. Sist fredag forlét han landsstyremøtet i partiet i protest, fordi han ikkje ville gje legitimitet til møtet. Waltherzøe svarte ikkje på Dag og Tid-førespurnaden om intervju. Men det gjorde Finn Arne Follestad, andre nestleiar i partiet. Han er fylkesleiar for INP i Møre og Romsdal, og vart i fjor innvald i kommunestyret i Volda og på fylkestinget. Follestad har yrkesbakgrunn som forpleiingssjef i offshore.

– Du var med på å kalle inn til landsstyremøtet i INP sist fredag. Det gjekk ikkje spesielt bra?

– Jau, sjølve møtet gjekk jo bra. Men innleiinga gjekk ikkje fullt så bra.

– Nett det. Partileiar Walterzøe slo fast at landsstyremøtet ikkje var gyldig, og forlét møtet saman med to sentralstyremedlemer og tre fylkesrepresentantar. Kvifor meinte han møtet var ugyldig?

–?Fordi landsstyret ikkje er nemnt i paragraf 6 i vedtektene våre. Men landsstyret er nemnt i paragraf 8.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement