Kommentar
Dei vasstette skotta
Når skiljet mellom annonse og redaksjonelt innhald vert viska ut, skjer det med stil og smil.
Fiksjon & Fakta. Forente Forlags uunnværlige bokmagasin. Første utgave. Høsten 2023.
Eit sobert og teksttungt bokmagasin såg dagens ljos førre helg, på papir, mellom anna som innstikk i Klassekampen, Morgenbladet og tidsskriftet Prosa. Fiksjon & Fakta fekk meg til å tenkja på Audun Lindholm og Titanic, Vagant-redaktøren og dampskipet.
Lindholm fyrst. Den triste stoda til litteraturmagasina ramsa han opp i ein Klassekampen-artikkel 11. oktober: «Bonniers litterära magasin (nedlagt i 2004), Café Existens (nedlagt i 1998), Folkemål (skiftet navn til Eg i 1984, nedlagt i 1995), Norsk litterær årbok (som Det Norske Samlaget utga fra 1966 og sa farvel til i år), Vinduet (papirutgaven nedlagt i 2021, nå kun på nett).» Lista kunne vore lengre.
Er det ikkje då di større grunn til å feira eit nytt bokmagasin, like stilreint som det meste han elles tek i, ansvarlege Fiksjon & Fakta-redaktør Håkon Harket, som bokbilaget til Aftenposten for tretti år sidan?
Tidene endrar seg, og utviklinga får meg til å tenkja på «Titanic» –?skipet som ikkje kunne søkka av di det var bygd med vasstette skott. Men under vasslina laga eit isfjell ei flengje i skroget.
Like viktige som dei vasstette skotta er mellom dei tre statsmaktene, har dei vore i den fjerde òg, i pressa – skotta mellom reklame og redaksjonell tekst, mellom journalistikk og informasjonsrådgjeving, Stortinget og reklamebyrå.
Flengjene har med tida vorte mange og lange. Det er ikkje meir enn drygt femten år sidan mange var støkte då ein kulturredaktør i ei riksavis vart informasjonssjef i eit konsern. I dag vert eit slikt jobbyte sett som ein suksess, ikkje eit svik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.