Kommentar
Dei verjelause
Terrorgruppa IS set både europeiske rettsstatar og statsborgarrettane på prøve. Den prøven må vi bestå.
IS-kvinna som står for retten i Oslo tingrett, skulle eigentleg ikkje vore i Noreg. Ho kom heim frå Syria i kraft av å vere mor til eit sjukt barn som var norsk statsborgar.
Noreg praktiserer avstammingsprinsippet, altså er statsborgarskap arveleg hjå oss. Kalifat-borgarskap finst derimot ikkje. Guten som er fødd under kalifatet i Syria som barn av to norske foreldre, er følgjeleg norsk like mykje som andre barn i kongeriket. Han trong helsehjelp som ikkje kunne skaffast der han var. Og som kjent forbarma godt over halve regjeringa seg over den norske guten gjennom «ekstraordinær assistanse». I Noreg er det prinsippet om barnets beste som rår. Arvesynda som prinsipp har vi lagt bak oss.
Mor til guten fekk vere med heim som nisse på lasset. Då det storma rundt heimkomsten til den vesle familien i fjor, erklærte utanriksministeren at det ikkje er norsk politikk å bidra til retur av vaksne som har slutta seg til IS. Kjem dei heim, skal dei stillast til ansvar. IS-kvinna i saka vart likevel frakta heim av styresmaktene. Dermed ligg det ein tung politisk eim over saka som no går for Oslo tingrett.
Rettssaka der kvinna står tiltalt for deltaking i terrororganisasjonen IS, handlar meir om heimreiser enn om utreiser. I januar 2013, då kvinna reiste til Syria, fanst det ikkje straffebod i Noreg som famna om det ho gjorde, og straffebod kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Å reise etter mannen sin som hadde drege i krigen, og kanskje hjelpe muslimske medsøstrer mot ein brutal fiende, var ikkje straffbart då, sjølv om norske styresmakter arbeidde på spreng med å få på plass eit eigna straffebod. Først i juni det året vart det straffbart å «delta i terrorrørsle». Rettssaka handlar difor meir om heimreiser. Dei heimreisene ho kanskje ønskte seg, eller planla, eller prøvde å få i stand, men som ho ikkje makta eller torde å gjere.
Forsøk på å kome seg heim framstår som indikasjonar på at ho ville vekk, og skal belyse spørsmålet om kvinna eigentleg støtta IS, eller om ho vart tvinga til å verte verande og i praksis var gissel hjå IS-ektemennene sine og kalifatet. I rettssaka har vi høyrt kvinna sjølv, far hennar og andre frå krinsen rundt henne som alle er klare på at ho gjorde det som var mogeleg og forsvarleg for å prøve å kome seg heim. Far til den radikaliserte og valdelege ektemannen Vasquez, ein kristen mann med chilensk bakgrunn, tek utan vilkår IS-kvinna sitt parti i tingretten: Ho gjorde som best ho kunne. Kvinna kunne truleg fått reise ut av kalifatet for å sjå til den sjuke mor si, men måtte då ha reist utan barn. Som svigerfaren har mint oss på: Inga mor som har eit val, ville ha etterlate barna sine på ein slik stad.
I kalifatet var disiplinering i familien ei privat sak, så lenge det ikkje gjekk på livet laus. Den valdelege Vasquez skal ha forårsaka døden til ein steson, barn av den andre kona hans, Aisha Shezadi. Dette skal han ha vorte varetektsfengsla for i kalifatet, men saka vart lagd til sides.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.