Kommentar

Demokratia vinn, autokratia tapar

Eit år etter at Putin starta krigen mot Ukraina, har han ikkje utsikt til å vinna. Men krigen kunne ha enda med ein rask russisk siger. Då hadde verda sett annleis ut enn ho gjer i dag.

Publisert Sist oppdatert

Februar 2023, eit mogleg scenario: Ved sidan av Vladimir Putin i Kreml står den kinesiske partisjefen Xi Jingping. Saman med dei to kan ein sjå representantane for russisk Ukraina, russisk Belarus og dei nye russiske fylka i den nordlege delen av Kasakhstan.

Seremonien i Kreml skal feira det vellukka russiske felttoget i Ukraina som starta 24. februar 2022. Krigen hadde gått heilt etter læreboka: Fyrst sørgde russiske rakettar for å øydeleggja mesteparten av den kritiske infrastrukturen i grannelandet. Etter ei veke med intens bombing gjekk ein hær på fleire hundre tusen mann, med endå fleire hundretusen i reserve, inn i Ukraina frå nord og frå aust.

Frykt og forvirring

Det ukrainske forsvaret kollapsa etter eit par veker med bakkekrig. President Volodymyr Zelenskyj innsåg at motstanden var nyttelaus og flykta til USA. Dei russiske soldatane stansa ikkje før dei nådde området som før den andre verdskrigen hadde vore ein del av den polske staten. Vladimir Putin erklærte at områda lengst vest i Ukraina ikkje var del av den russiske verda og såleis kunne segla sin eigen sjø.

Det sigerrike felttoget i Ukraina førte til at det sommaren 2022 blei oppretta ein ny stat som omfatta dei slavisk-talande delane av den gamle Sovjetunionen. Staten fekk namnet Det russiske imperiet. Alle dei gamle ikkje-slaviske sovjetrepublikkane, inkludert Georgia og det som var att av Kasakhstan, orienterte seg mot Moskva. Hausten 2022 smidde Putin solide band til dei store autokratiske regima i verda, i fyrste rekkje Kina og Iran. Tyrkia braut med Nato og slutta seg til alliansen. Verdas autokratar forkynte at det ikkje var grenser for venskapen mellom dei.

I Vesten rådde det frykt og forvirring. Etter erobringa av mesteparten av Ukraina, gjorde Putin det kjent at han tok sikte på å leggja under seg Estland, Latvia og Litauen, tre område som han hevda historisk høyrde til Russland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement