Utanriks
Demokratiet har mista glansen
Demokratiet går sterkast attende blant USAs allierte. Det er neppe Kinas skuld.
President Joe Biden forlet auditoriet i Det kvite huset etter å ha halde avslutningstalen under det virtuelle toppmøtet for demokrati 10. desember. 110 statsleiarar var inviterte til toppmøte på Zoom.
Foto: Leah Mills / Reuters / NTB
At folkestyret og dei demokratiske ideala er på vikande front i verda, har vore tydeleg ei god stund. Det er no kring 15 år sidan utbreiinga av demokratiet i verda stogga opp og autoritære krefter igjen kom på offensiven.
Og den tendensen handlar slett ikkje berre om den veksande makta til Kina: I dei siste åra er det særleg i land som er rekna som allierte med USA og Vesten, at dei demokratiske verdiane har falle i kurs, ifølgje det svenske forskingsprogrammet Z-Dem. Ikkje minst er det urovekkjande trekk ved den politiske utviklinga i USA, der leiarane så lenge har framstilt landet sitt som den store forsvararen av «den frie verda». Det kjem vi attende til, men først tek vi eit kjapt tilbakeblikk.
Glade dagar
Lenge såg det så lyst ut for alle som trur på frie val og det liberale samfunnet. Etter at sovjetkommunismen kollapsa kring 1990, var demokratiet på frammarsj ei god stund. Det handla ikkje berre om at ei rekkje tidlegare kommuniststyrte land i Aust-Europa innførte demokratiet. Etter at den kalde krigen var slutt, mista både venstre- og høgreorienterte diktatorar i fattige land sponsorane sine. Og i Latin-Amerika hadde mange av diktatura falle alt i 1980-åra.
I den mykje siterte boka The End of History and the Last Man frå 1992 hevda den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama at historia var slutt: Det fanst ikkje lenger seriøse utfordrarar til det liberale demokratiet som styreform.
Vendepunktet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.