Kommentar

Den chilenske tragedien

Femti år etter kuppet mot Salvador Allende slit Chile med arven etter Pinochet.

11. september 1973: Soldatar og brannkonstablar ber lekamen til president Salvador Allende, pakka inn i ein boliviansk poncho, ut av ruinane etter det bomba presidentpalasset i Santiago i Chile. Allende tok sitt eige liv for ikkje å falla i hendene på kuppmakaren, general Augusto Pinochet.

Publisert Sist oppdatert

For generasjonen min er datoen 11. september 1973 kan henda viktigare – eller i alle fall meir kjenslevar – enn 11. september 2001, då terroren råka USA.

Eg var på Yale University 11. september 1973. Stemninga i New Haven var uverkeleg, stumt sorgtung, nesten smerteleg. Studentane skjøna jo at Nixon og Kissinger hadde vore med i undergravingsarbeidet mot Salvador Allende, så der kom det i tillegg ei kjensle av skam.

Om kvelden den 11. september samla folk seg i dei store auditoria til minnemøte. Eg gjekk på eit fellesmøte der Yale-professorar heldt innlegg. Dette var midt under Vietnam-protestane, så studentane var så å seia i protestmodus. Vi visste ikkje då at det amerikanske nederlaget i Saigon berre var mindre enn to år unna (april 1975).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement