Kommentar
Den chilenske tragedien
Femti år etter kuppet mot Salvador Allende slit Chile med arven etter Pinochet.
FILE - Soldiers and firefighters carry the body of President Salvador Allende, wrapped in a Bolivian poncho, out of the destroyed La Moneda presidential palace after the Sept. 11, 1973 coup led by Gen. Augusto Pinochet that ended Allende's three-year government. On Tuesday, Sept. 11, 2012, a Chilean court closed the judicial investigation into the death of Allende, confirming that the president committed suicide to avoid falling into the hands of the military coup led by Augusto Pinochet. (AP Photo/El Mercurio, File) CHILE OUT - NO PUBLICAR EN CHILE
Anonymous
For generasjonen min er datoen 11. september 1973 kan henda viktigare – eller i alle fall meir kjenslevar – enn 11. september 2001, då terroren råka USA.
Eg var på Yale University 11. september 1973. Stemninga i New Haven var uverkeleg, stumt sorgtung, nesten smerteleg. Studentane skjøna jo at Nixon og Kissinger hadde vore med i undergravingsarbeidet mot Salvador Allende, så der kom det i tillegg ei kjensle av skam.
Om kvelden den 11. september samla folk seg i dei store auditoria til minnemøte. Eg gjekk på eit fellesmøte der Yale-professorar heldt innlegg. Dette var midt under Vietnam-protestane, så studentane var så å seia i protestmodus. Vi visste ikkje då at det amerikanske nederlaget i Saigon berre var mindre enn to år unna (april 1975).
Same ulla
Vi kjende det som om vi var med i eit av dei store vengjeslaga i historia. Så kort tid etter den sovjetiske innmarsjen i Tsjekkoslovakia i 1968, og så dette! Kva kunne ikkje stormaktene få seg til å gjera av herjingar i bakgardane sine? Imperialismeteorien stod sterkt den gongen – at stormaktene under den kalde krigen var eins i kontrollen med sfærane sine. Dei var av same ulla, sjølv om USA ikkje sende stridsvogner.
USA hadde i 1973 tvungen verneplikt. Det gjorde at verda utanfor kom personleg nær for dei fleste studentane i USA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.