Den egyptiske portvakta

Den arabiske stormakta Egypt held grensa stengd medan tusenvis av sivile blir drepne i Gaza. Det har mange årsaker.

Tilhengjarar av Abdel Fattah Al-Sissi med støttebanner for presidenten i ein parade i Kairo 27. september i år. Sidan Al-Sissi tok makta i eit militærkupp i 2013, har han styrt Egypt med hard hand.
Tilhengjarar av Abdel Fattah Al-Sissi med støttebanner for presidenten i ein parade i Kairo 27. september i år. Sidan Al-Sissi tok makta i eit militærkupp i 2013, har han styrt Egypt med hard hand.
Publisert Sist oppdatert

Tragedien i Gaza veks dag for dag. Det israelske bombardementet og bakkekrigen mot Hamas går sin gang, med fryktelege følgjer for sivilbefolkninga. Meir enn 11.000 menneske skal vere drepne så langt, dei fleste sivile. Folk manglar vatn, mat, straum og drivstoff, og over ein million innbyggjarar er fordrivne frå heimane sine av krigen.

Når så mange menneske på eit lite landområde er utsette for massivt bombardement og ein kvelande blokade, ville det vere naturleg at storparten av folket søkte tryggleik i eit naboland. Slik er det ikkje. Folket i Gaza er fanga i ei krigssone der ingen stad er trygg.

Etter terroråtaket til Hamas 7. oktober er det lett å skjøne at Israel ikkje slepper inn nokon frå Gaza. Men heller ikkje til nabolandet i sør, Egypt, kjem det ein straum av flyktningar. Den egyptiske regjeringa nektar å opne grensa til Sinai så folk kan kome seg i tryggleik. Nesten alle dei få heldige som har sloppe ut via Rafah-overgangen til Egypt, er utanlandske statsborgarar, som dei 51 med norsk pass som fekk utreiseløyve denne veka.

Nok frå før

Kvifor er det slik? Vi kan først sjå på dei offisielle forklaringane frå den egyptiske regjeringa. «Egypt skjøner ikkje kvifor landet åleine skulle bere ansvaret for å ta imot flyktningar frå den beleira Gaza-stripa», sa utanriksminister Sameh Shoukry til CNBC 18. oktober. Han viste til at Egypt allereie har svært mange flyktningar frå andre land i Afrika og Midtausten innanfor grensene sine.

«Eg ser ingen grunn til at Egypt – som er vertsland for ni millionar flyktningar, gjev husrom til dei og integrerer dei i samfunnet til ein stor økonomisk kostnad – skulle ha eineansvar for å ta imot enda fleire flyktningar frå Gaza», sa Shoukry.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement