Sideblikk
Den gong ei ny tid var i emning
Gateavisa var eit rølpete og hasjliberalt undergrunnsblad og ein førskule i journalistikk.
Audun Engh.
Foto via Wikipedia
Organiserte anarkistar held seg til flate strukturar utan formelt hierarki. Alle er like, men nokre blir gjerne likare enn andre fordi dei er mest aktive, sit sentralt i nettverk, er tale- og skriveføre og offentleg synlege. Andre søker seg til smalare forum for å diskutera både tullete og djupe spørsmål og la seg påverka av legalt og illegalt stoff.
I DEN FORUNDERLEGE og legendariske Gateavisa gjekk namn som Jan Bojer, Christian Vennerød og Syphilia Morgenstierne (psevdonym for Mari Toft) att. Audun Engh (død av ALS 27. mars, 74 år gamal, gravlagd i Frogner kyrkje i går) var i kulissane som ein slags tilbaketrekt gudfar. Han skreiv under det ertande psevdonymet «Josef S», var vennleg og vimsete, men også ryddig, ordentleg og systematisk. Han levde i og for «Motkultur, utopi og de gode liv» som det heitte, festskriftet Geir (Thomas Hylland) Eriksen redigerte til 40-årsdagen.
I 2020 gav Engh saman med Ulrik A. Hegnar ut ein mastodont av ei uvanleg rikt illustrert minnebok på 4,2 kilo: Alt mulig fra Gateavisa 1970–1986. Etter eit par år som tidsskriftet Glasnost, kom Gateavisa ut att i skiftande utgåver, men stordomstida var over utan Audun Engh som kontinuitetsberar.
DET ER MANGT og mykje forvitneleg i boka, også «garbologi» frå valkampen i 1981. Då røva og analyserte Gateavisa søppelkassane til hovudkombattantane Gro og Kåre.
Men dessverre er det ingenting med av Syphilia Morgenstierne, for ho kom på kant med dei andre. Slikt hender, for det er mange «ways of seeing» mellom anarkistar. Forresten: Då familien von Munthe af Morgenstierne gjekk til sak, vann ho med seinare høgsterettsdommar Ketil Lund som advokat, for ho hadde ikkje stole Morgenstierne som slektsnamn, men brukte det som psevdonym.
ANARKISTMILJØET rundt Gateavisa var eit arbeidskollektiv, men også eit «uenighetsfellesskap» der dei kunne stå langt frå kvarandre med ulike merkelappar: anarkosyndikalist, individualanarkist, sosialanarkist. Hasj var eit evig stridstema, både prinsipielt, i møte og på utagerande festar i Villa Kveldsro, som Audun Engh rådde over.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.