Kommentar
Den handleføre mystikaren
Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.
FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.
Foto: Scanpix / NTB
Når det er verdt å halda minnet etter Dag Hammarskjöld (1905–1961) levande, er det fordi visjonen hans om eit sterkt FN har mykje å seia oss i ei tid då verdsorganisasjonen nok ein gong er paralysert av stormaktsrivalisering og ideologisk silotenking.
For Hammarskjöld ville gjera FN til eit verktøy for fred og forsoning – og ikkje minst avkolonisering – på tvers av stormaktsinteresser, midt i og trass i den kalde krigen. Det skaffa han sterke fiendar, blant dei Nikita Khrusjtsjov og Charles de Gaulle, som meinte han truga den nasjonale suvereniteten. Sovjetleiaren gjorde fleire framstøytar for å få han avsett og erstatta av ein «troika» på deling mellom stormaktene. Stønad frå den tredje verda stogga slike framlegg.
Og inni han levde varmen frå den kristne mystiske tradisjonen, frå Thomas a Kempis (1380–1471) og Meister Eckhart (ca. 1260–ca. 1327), med røter attende til stoikaren keisar Marcus Aurelius (121–180). Det var ikkje nokon kontrast hjå Hammarskjöld mellom stille kontemplasjon og intens aktivitet i verdspolitikken. Det gjer han ekstra interessant og gjev oss innsikt i ein særs einsam personlegdom som midt i si einsemd aldri var i tvil om misjonen han ville utføra.
Metafysisk botn
«Gud døyr ikkje den dagen vi ikkje lenger trur på ein personleg guddom, men vi døyr den dagen livet ikkje lenger vert gjennomlyst av glansen frå underet som kjem frå kjelder bortanfor all fornuft.» Denne livsdiagnosen stammar frå Dag Hammarskjölds aforismesamling Vägmärken, som vart funnen i ein lausperm ved nattbordet hans i New York og utgjeven for fyrste gong i 1963. Sitatet gjev oss essensen i Hammarskjölds livssyn: kvar enkelt som reiskap for den tause Gud, med gode gjerningar som leiemotiv.
Hammarskjöld møtte døden i eit flyhavari i Afrika i 1961 på oppdrag for FN for å skape fred i det valdsutsette Kongo. Han hadde gjeve lov til at samlinga skulle publiserast post mortem. Den framifrå poeten W.H. Auden omsette boka til engelsk, Markings (1964).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.