Den innvortes forsvarskampen
Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.
Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.
Foto: Jens Buttner / Reuters
– Vi har eit stort behov for eit styrkt alliert samarbeid om luftvern. Krigen i Ukraina har understreka det, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) då Noreg, saman med 14 andre europeiske land, i oktober 2022 signerte ein intensjonsavtale om å vere med på å utvikle eit felles luftvernsystem i Europa.
Samarbeidet, som har fått namnet European Sky Shield Initiative, er føreslege av Tyskland for å styrkje Natos integrerte luft- og missilforsvar over Europa. Tanken er at felles innkjøp av luftvern kan gjerast meir effektivt og billeg enn å kjøpe kvar for seg, noko som særleg kan vere til hjelp for mindre land. I tillegg gjer det det lettare å integrere, bruke og halde ved like luftvernsystema mellom landa i ettertid.
To år etter signeringa er det derimot skralt med konkrete resultat å syne til, utover at seks nye land har slutta seg til intensjonsavtalen. Tyskland har rett nok teke initiativ til eit rammeverk for felles innkjøp, men det er ikkje signert av alle landa bak intensjonsavtalen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.