Kommentar
Den langvarige krigen
Ukraina ser ikkje ut til å klara å kasta dei russiske okkupantane ut av landet i år. Krigen kan koma til å strekkja seg ut i 2024 og 2025.
Den ukrainske vår- og sommaroffensiven som tok til i byrjinga av juni, har gjeve få resultat.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Mange i Ukraina og i Vesten gjekk omkring i vinter og håpa på ei rask avgjerd: Berre ukrainarane fekk nok moderne vestlege våpen, ville dei gjennom eit par offensivar våren og sommaren 2023 rulla den russiske armeen attende. Slik kunne ein til hausten eller seinast til våren neste år sjå ein slutt på krigen.
No skriv me snart datoen 24. august 2023. Den såkalla fullskalakrigen i Ukraina vil då ha vart i halvtanna år. Det er ni månader sidan dei ukrainske styrkane tok kontroll over byen Kherson, den siste verkeleg store ukrainske sigeren.
Resultatlaus offensiv
Den mykje omtalte vår- og sommaroffensiven, som tok til i byrjinga av juni, har gjeve få resultat. Om ein ser på eit kart over frontlina dei siste par månadene, er endringane ikkje store. Nokre få stader, til dømes vest i Zaporizjzja-fylket og kring grensa mellom Zaporizjzja- og Donetsk-fylka, har ukrainarane dei siste dagane hatt nokre framgangar. Likevel er det lite som tyder på eit russisk samanbrot nokon av desse stadene.
Om ein ser nøkternt på det, er det klart at dei russiske frontlinene har halde seg langt meir stabile enn sjølv den mest pessimistiske militæreksperten i Vesten trudde for nokre månader sidan. Noko som på den andre sida har endra seg, er talet på krigsoffer. Ingen offisielle tal blir gjevne ut, men fleire titusen unge ukrainarar er dei siste månadene blitt hardt skadde eller har mista livet. Dette er ei påkjenning på den ukrainske nasjonen som det er vanskeleg for oss å forstå omfanget av.
Ingen lynkrig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.