Kommentar

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Publisert

Tiårsminnet for åtaket på Charlie Hebdo viser kva som samlar og splittar fransk kultur i dag. Jau, ein feirar kunsten som uttrykkjer det useielege og rokkar ved maktrelasjonane, og framhevar den stolte franske tradisjonen for politisk satireteikning sidan opplysningstida. Jau, ein insisterer på at alle samla står bak ytringsfridomen. Jau, ein seier klårt og tydeleg at det er barbarisk å møte kritikk og satire med vald.

Så lever alle men-setningane både i bakhovudet og som protestar: Men er dette kunst? Men er det akseptabelt? Men er det naudsynt? Men treng ein krenke folk? Men folk må få reagere på hån? Men er det ikkje farleg å halde på slik?

Januar-åtaka

7. januar 2015 braut brørne Saïd og Chérif Kouachi seg inn i hovudredaksjonen til Charlie Hebdo i Paris, opna eld med automatvåpen og kasta molotovcocktailar inn mellom personalet. Under åtaket døydde tolv menneske: fem verdskjende teiknarar, to redaktørar, økonomen til avisa, ein gjest og ein reparatør. Utanfor låg to polititenestemenn livlause. Elleve personar vart såra, fleire med skadar for livet, blant andre noverande redaktør Riss (Laurent Sourissou): Skadar i skuldra og armen gjorde at han brukte år på å trene opp teikneevnene att.

Der var så mange til stades av di dei måtte drøfte den katastrofale økonomien. Politivakt hadde dei på grunn av åtaket med brannstifting fire år før. Redaksjonen var ikkje fanatisk antireligiøs, slik nokre synest å tru; det fall ateistar, kristne, muslimar og jødar den dagen. Og fire jødiske menneske vart drepne tre dagar seinare, då Amedy Coulibaly skaut ikring seg på butikken Hypercacher (som er strengt koscher). Han tok gislar og ville ha frigitt brørne Kouachi. Politiet storma butikken, og det var slutten for Coulibaly.

Minnedebatten

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement