Den merkelege samanhengen mellom migrasjon og autisme

Barn av innvandrarar har langt større risiko for å få ein autismediagnose enn barn av innfødde nordmenn har. Ingen veit kvifor.

Publisert Sist oppdatert

Auken i talet på barn med autismediagnose er ikkje jamt fordelt. Somme innvandrargrupper har ein langt høgare frekvens av barn med autisme enn majoritetsbefolkninga, og slik er det både i Noreg og ei rekkje andre land. Nokre av tala er forbløffande.

Som ein del av utgreiinga frå Autisme- og touretteutvalet i 2020 laga Folkehelseinstituttet ein tabell over prosentdelen av barn med autismediagnose fordelt på landbakgrunn. Tabellen inkluderte alle barn fødde i Noreg mellom 2001 og 2016 og synte nokre påfallande skilnader. Barn frå nesten alle innvandrargrupper hadde høgare frekvens av autismediagnose enn majoritetsbefolkninga, og somme låg svært langt over.

Tolvgangen

I aldersgruppa 2 til 5 år hadde 0,23 prosent av barna med to norske foreldre ein autismediagnose i denne perioden. Blant barna til polske foreldre var frekvensen 0,54, nær det dobbelte. Blant barn av pakistansk bakgrunn var frekvensen 1,17. Barn av somaliske foreldre: 1,64. Barn av foreldre frå Sri Lanka: 1,95. Høgast var frekvensen blant barn med eritreisk familiebakgrunn, der 2,77 prosent i aldersgruppa 2-5 hadde ein autismediagnose. I denne gruppa var altså andelen 12 gonger så stor som blant dei med norsk familiebakgrunn.

FHI understreka at tala ikkje var justerte for andre variablar som kan påverke risikoen for autisme. «Ifølge forskerne gir funnene likevel en klar pekepinn om økt risiko for autisme i de to yngste aldersgruppene i nesten alle de store minoritetsgruppene. Økningen omfatter landgrupper av både europeisk, afrikansk og asiatisk opprinnelse», heitte det.

Skilnadene mellom gruppene var uansett så store at ingen av dei kjende risikofaktorane for autisme skulle kunne gje slike utslag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement